Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorKalland, Annette
dc.date.accessioned2018-10-01T09:58:14Z
dc.date.available2018-10-01T09:58:14Z
dc.date.issued2018-05-01
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2565437
dc.description.abstractTittel Pneumoni – førebyggande tiltak hos nyfødde barn i Zambia Bakgrunn Globalt døyr 8,8 millionar barn årleg, før dei er fylt fem år. Minst to av tre barndødsfall kan førebyggast (World Health Organization, 2010; United Nations Children’s Fund, 2010). I Zambia er 1 av 3 barnedødsfall forbunde med pneumoni (Ministry of Community Development & Mother and Child Health, udatert). Eiga erfaring tilseier at pneumoni sjeldan førekjem hos spedbarn i Noreg, men tar derimot livet frå mange barn i Afrika. Spørsmålet vart då kvifor dette er ei stor utfordring i Afrika, og kva som kan gjerast for å redusere mortaliteten grunna pneumoni. Problemstilling Korleis kan sjukepleiar førebygge pneumoni hos nyfødde barn i Zambia? Framgangsmåte Denne oppgåva er utført som eit litteraturstudie som er basert på både fagleg- og forskingsbasert kunnskap. Etter å ha tileigna meg erfaringa frå praksis i Zambia, vil eg også belyse nokre av desse. Oppsummering Under- og feilernæring er klare risikofaktorar for å utvikle pneumoni. Kunnskapen om morsmjølk og amming er hos nokre mangelfull. Hos dei som har god kunnskap om ernæring av nyfødde, samsvarar ikkje dette nødvendigvis med kva som vert gjort i praksis. Mortaliteten grunna pneumoni er høgare blant barn som ikkje vert amma versus barn som blir amma. Ved at informasjon og rettleiing blir gitt om fordelane ved amming, vil truleg mange barn unngå underernæring og dermed vere betre rusta mot pneumoni. Helsefasilitetane er utilstrekkeleg bemanna, har for lite tilgjengeleg utstyr og personalet si vurdering av symptom og behandling er ufullstendig, noko som kan få alvorlege konsekvensar for det sjuke nyfødde barnet.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherHøgskulen på Vestlandet, Fakultet for helse- og sosialvitskap/Institutt for helse- og omsorgsvitskap/Sjukepleie Førdenb_NO
dc.subjectPneumoni,nb_NO
dc.subjectFørebygge,nb_NO
dc.subjectNyfødtnb_NO
dc.subjectZambianb_NO
dc.titlePneumoni - førebyggande tiltak hos nyfødde i Zambianb_NO
dc.typeBachelor thesisnb_NO
dc.source.pagenumber19nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel