Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorAardal, Jorunn
dc.date.accessioned2018-10-01T09:26:34Z
dc.date.available2018-10-01T09:26:34Z
dc.date.issued2018-06-01
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2565418
dc.description.abstractTittel: Demens – ein pårørandesjukdom Bakgrunn for val av tema: Eg har valt å skrive om pårørande til personar med demens, då eg synest demens generelt er eit svært aktuelt og interessant tema. I tida framover vil det bli stadig fleire personar med demenssjukdom, og stadig fullare sjukeheimar grunna fleire eldre. Dette vil føre til at fleire pårørande blir nøydde til å ha sine demente heime lenger. Eg ser at det å vere partnar til ein heimebuande person med demens er ei tøff rolle som krev mykje av ein som person. Problemstilling: Korleis ivareta pårørande til personar med demens? Metode: Litteraturstudie. Konklusjon: For å ta vare på dei pårørande er det funne at god kommunikasjon som fører til ein god relasjon er viktig. Ved å våge og vere til stades, vere lydhøyr, søke å forstå den pårørande og å ta seg tid til den gode samtala, vil det lettare kunne oppstå ein berande relasjon. Det at sjukepleiaren opptrer open, ekte og syner ein personleg tryggleik, vil gjere det lettare for den pårørande å vere open og fri til å vere seg sjølv. Også det å sjå den pårørande og vise respekt og omtanke er vesentleg i relasjonsbygginga. Som sjukepleiar er det viktig å fokusere på at den pårørande vert opplyst og føler seg herda til å klare omsorgsoppgåva. Ein er som helsepersonell lovpålagt å kome med informasjon til både pasient og næraste pårørande når visse krav er oppfylt. Informasjon kan gjevast gjennom rein undervising, dialog med den pårørande, eller som skriftleg materiale. Tilstrekkeleg informasjon og samarbeid er vist å ha ein direkte innverknad på den pårørande som person, då det kan bidra til at den pårørande held ut lenger og har eit betre liv.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherHøgskulen på Vestlandet, Fakultet for helse- og sosialvitskap/Institutt for helse- og omsorgsvitskap/Sjukepleie Førdenb_NO
dc.subjectDemens,nb_NO
dc.subjectpårørande,nb_NO
dc.subjectivaretaking,nb_NO
dc.subjectsjukepleienb_NO
dc.titleDemens – ein pårørandesjukdomnb_NO
dc.typeBachelor thesisnb_NO
dc.source.pagenumber20nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel