Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorØygard, Sissel Hjelle
dc.contributor.authorAndersen, John Roger
dc.contributor.authorSandvoll, Anne Marie
dc.contributor.authorYtrehus, Siri
dc.date.accessioned2018-04-05T11:18:14Z
dc.date.available2018-04-05T11:18:14Z
dc.date.created2017-09-28T18:45:20Z
dc.date.issued2017
dc.identifier.citationSykepleien Forskning. 2017, 12 e-62446-?.nb_NO
dc.identifier.issn1890-2936
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2492816
dc.description.abstractBakgrunn: Førebygging av fall i sjukeheim er eit av hovudsatsingsområda i det nasjonale pasientsikkerheitsprogrammet, og dokumentasjon av fallrisiko er kravd. Føremål: Føremålet med denne studien var å undersøke om dokumentasjonspraksis for fall i sjukeheimar er i samsvar med sjukeheimane sine eigne kriterium til dokumentasjon og kva faktorar som var assosiert med riktig dokumentasjonspraksis. Metode: Retrospektiv deskriptiv metode er nytta i dette kvalitetsforbetringsprosjektet der dokumentasjon av fall i tre sjukeheimar vart kartlagt, og det vart undersøkt om dokumentasjonspraksisen deira var i tråd med sjukeheimane sine eigne kriterium til dokumentasjon. Resultat: Av utvalet på 652 personar var det 208 (32 prosent) som hadde falle. Desse personane hadde til saman 556 registrerte fallepisodar. Fall med skade (smerte, kutt, brot) utgjorde 26 prosent av dei dokumenterte falla. Berre 10,6 prosent av falla var dokumenterte i tråd med sjukeheimane sine eigne dokumentasjonskriterium. Det var signifikante variasjonar i dokumentasjonspraksis mellom sjukeheimane, og brotskadar var assosiert med utfylling av skaderegistreringsskjema. Konklusjon: Resultata viser at sjukeheimane ikkje følgjer sine eigne dokumentasjonskriterium ved fall, men at fall med brotskadar var assosiert med riktig dokumentasjonspraksis.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.relation.urihttps://sykepleien.no/forskning/2017/06/fall-i-sjukeheim
dc.titleManglande registrering av fall i sjukeheimnb_NO
dc.typeJournal articlenb_NO
dc.typePeer reviewednb_NO
dc.description.versionpublishedVersionnb_NO
dc.source.pagenumbere-62446-?nb_NO
dc.source.volume12nb_NO
dc.source.journalSykepleien Forskningnb_NO
dc.identifier.doi10.4220/Sykepleienf.2017.62446
dc.identifier.cristin1499986
cristin.unitcode203,5,1,0
cristin.unitnameAvdeling for helsefag - Sogn og Fjordane
cristin.ispublishedtrue
cristin.fulltextoriginal
cristin.qualitycode1


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel