«Omsorg til personar med nedsett funksjonsevne»: Litteraturstudie om korleis yte god omsorg til personar med nedsett funksjonsevne innlagt på sjukehus.
Bachelor thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2486452Utgivelsesdato
2017Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Tittel: « Sjukepleie til personar med nedsett funksjonsevne» - Litteraturstudie om korleis sjukepleiar
kan yte god omsorg til personar med nedsett funksjonsevne innlagt på sjukehus.
Bakgrunn for val av tema: Menneske som har nedsett funksjonsevne på eine eller andre måten,
lever lenger enn før, og står dermed i fare for å utvikle sjukdomar i samband med alder og livsstil på
lik linje som resten av befolkninga (Blikset, 2017). Gjennom mange års erfaring med å jobbe i
heimetenesta for funksjonshemma, føler eg dette er eit viktig tema å belyse og få meir fram i forhold
til korleis møte denne type pasientar når dei er innlagt på sjukehus.
Problemstilling: «Korleis kan sjukepleiar yte god omsorg til personar med nedsett funksjonsevne
innlagt på sjukehus?»
Framgangsmåte: Litteraturstudie med grunnlag på fagleg – og forskingsbasert kunnskap/fagstoff. Søk
etter litteratur er systematisk gjennomført og blitt gjort i databasar som SveMed+, Academic search
elite, Cinahl og ORIA.
Oppsummering av funn: Når det kjem til å yte omsorg og sjukepleie for personar med nedsett
funksjonsevne, syner forsking at det er behov for meir trening, kunnskap og opplæring i korleis ta
vare på og gi best mogeleg sjukepleie til denne pasientgruppa. Det er ynskjeleg med fokus på
kommunikasjon og samhandling, samt samarbeide vidare framover i utvikling, inkludering og
evaluering av strategiar innan for dette omsorgsfeltet.
Konklusjon: Forskinga dekker områder som er viktige og relevante, men samstundes kjem det fram
at å yte god omsorg til personar med nedsett funksjonsevne som er innlagt på sjukehus, har stort
forbetringspotensiale.
Beskrivelse
Helsefag/Høgskulen på Vestlandet/Førde