Eg høyrer og eg gløymer, eg ser og eg huskar, eg gjer og eg forstår
Abstract
Slik som sjukepleiaryrket utviklar seg no til dags får sjukepleiaren meir og meir ansvar. Dette gjeld
både sjukepleiarar som yrkesgruppe men og som enkeltpersonar. Ein kan oppleve å gå rett frå
sjukepleiarstudiet og inn på ein arbeidsplass, og der oppleve å vere einaste sjukepleiar, og med stort
ansvar. Som sjukepleiar stiller samfunnet både formelle og uformelle krav til kva ein skal site inne med
av kunnskap og ferdigheiter. Målet med denne bacheloroppgåva er å drøfte om simulering og
scenariotrening kan brukast som eit læreverktøy til å ruste sjukepleiaren til møte med akutte
prehopitale situasjonar. Simulering og scenariotrening er ei læringsform som er på stor veg inn, og har
dessutan vore i bruk i andre yrkesgrupper i lengre tid. Utstyr til simulering kan vere kostbart, men bør
vegast opp mot nytteverdien. Det verkar til å vere eit breitt konsensus i litteraturen på at simulering er
eit nyttig verktøy til å lære samarbeid, ferdigheiter og problemløysing. Dette samstundes med at ein
kan tilpasse variablane i simuleringa etter ferdigheitsnivå og læringsutbytte.
Description
Høgskulen på Vestlandet Avdeling for helsefag/ Institutt for sjukepleie/Campus Førde