Sjukepleiaren sitt arbeid mot spreiing av nosokomiale infeksjonar
Abstract
Bakgrunn: Utvikling av antibiotikaresistens er ein særs stor trugsel for befolkninga samt heletenesta i Noreg. Som sjukepleiar er det derfor viktig å førebyggje tilstandar som kan redusere faren for antibiotikaresistens hjå den enkelte pasient. I denne oppgåva har eg derfor valt å ta føre meg førebygging av nosokomiale infeksjonar og spesifisert oppgåva på kateterassosiert urinvegsinfeksjon (KAUVI) då dette er ein av dei vanlegaste nosokomiane infeksjonane. Hensikta er å belyse kor viktig det førebyggjande arbeidet er for å kunne oppretthalde ei god helseteneste.
Problemstilling: "Korleis kan ein sjukepleiar bidra for å førebyggje urinvegsinfeksjon hjå eldre pasientar med inneliggande kateter på sjukehus?".
Metode: Eg har nytte eit litteraturstudie som metode. Oppgåva er bygd opp av seks forskingsartiklar som belyser kvar sitt tiltak eller område i arbeidet mot førebygging av KAUVI. Eg har også leste ein del pensumbøker, loder, retningslinjer, statistikkar og rapportar for å få ei god oversikt over litteratur som finnes om emnet.
Resultat: For at sjukepleiarar skal kunne bidra til å førebyggje KAUVI er det heilt sentralt med god kompetanse innanfor området. Det viktig at ein som sjukepleiar kan utføre god handhygiene, rett prosedyre, samt sikre god drenasje gjennom kateteret. Risikoen for KAUVI vert likevel ikkje vekke før kateteret er seponert, og tidleg fjerning av kateteret er derfor det viktigaste tiltaket ein sjukepleiar kan bidra med i det førebyggjande arbeidet.
Description
Høgskulen på Vestlandet Avdeling for helsefag / Sjukepleie