Personar med demens: Identitet og eigenverd
Abstract
Tittel: Personar med demens: Identitet og eigenverd.
Bakgrunn for val av tema: I dag har over 77 000 menneske i Noreg demens, og truleg vil talet doblast fram mot 2040. Av alle som lever med demens i dag, antar vi at rundt 4 000 er under 65 år (Nasjonalforeningen for folkehelse, 2017). Det vert fleire og fleire eldre, samtidig som omsorgsressursane minkar. Vi opplever at demens er den sida ved å bli gamal som er mest frykta.
Det er ein sjukdom mange misforstår, også dei som jobbar i omsorgsyrket. Personar med demens kan bli utsatt for fordommar på grunn av alder og svekka intellektuelle evner.
Problemstilling: Korleis ivareta identitet og eigenverd hjå pasientar med demens på sjukeheim?
Metode: Oppgåva er eit litteraturstudie basert på fagleg og forskingsbasert kunnskap. Forsking er funne ved hjelp av systematisk søk i Academic Search Elite, inkludert Cinahl, Medline og SweMed+.
Anna litteratur er innhenta frå ORIA, og for å finne aktuelle lov- og retningslinjer har vi nytta nettstadar som Helsedirektoratet, Lovdata og NSF.
Oppsummering av funn og konklusjon: Resultata viser viktigheita av god kunnskap og gode haldningar, kjennskap til livshistorie og å ha ein personorientert tilnærming til personar med demens for å ivareta deira identitet og verdigheit på sjukeheim. Det er viktig å sjå personen bak sjukdommen, og vite at kvart menneske har ein unik identitet. Opplevinga av å fortsatt ”vere nokon” er viktig for å føle verdigheit.
Description
Bachelor i sjukepleie Avdeling for helsefag