Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorElvagjeng, Evelinn
dc.date.accessioned2018-02-19T10:24:17Z
dc.date.available2018-02-19T10:24:17Z
dc.date.issued2017
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2485630
dc.descriptionBachelor i sjukepleie Avdeling for helsefagnb_NO
dc.description.abstractTittel: Mobilbruk og mikroorganismar Bakgrunn: I Zambia er det ein del av helsearbeidarane som har ei anna haldning til mobilbruk innanfor sjukehuset sine fire veggar enn kva eg normalt er van med frå helsevesenet i Noreg. Eg synst difor det var interessant å sjå på samanhengen mellom mobilbruk, handhygiene og fara for sjukehusinfeksjonar, samt korleis ein sjukepleiar kan bidra til bevisstgjering for å redusere infeksjonsfara hos pasientane. Problemstilling: Korleis bidra til bevisstgjering rundt samanhengen mellom handhygiene og mobilbruk på sjukehus? Framgangsmåte: I oppgåva har eg brukt litteraturstudie som metode, som vil seie at eg har nytta allereie eksisterande litteratur og forsking om emnet. Eg har brukt pensum som me tidlegare har nytta under utdanninga, og forskingsartiklane er funne gjennom databasar anbefalte av Høgskulen på Vestlandet. Teori og forsking er drøfta opp mot problemstilling, samt at eg har tatt med eigne erfaringar frå praksis. Oppsummering: Gjennom drøfting av teori, forsking og eigne erfaringar kom eg fram til at det er fleire faktorar som spelar inn når det gjeld i kva grad ein kan bidra til bevisstgjering. Det er store forskjellar mellom Noreg og Zambia så å ha eit kulturrelativistisk syn er viktig når ein skal setje seg inn i kulturen og deira utfordringar i arbeidslivet. Situasjonar som spelar inn er blant anna hierarki, innarbeidde normer og avgrensa ressursar. For at ein som sjukepleiar skal kunne bidra til bevisstgjering må ein skape tillit, vere konsekvent og vise til fordelane ved å endre rutinar – slik kan ein mogleg bidra til å redde liv.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.subjectsmittenb_NO
dc.subjectmikroorganismarnb_NO
dc.subjectsjukehusnb_NO
dc.subjectmobilbruknb_NO
dc.subjecthandhygienenb_NO
dc.titleMobilbruk og mikroorganismarnb_NO
dc.title.alternativeCellphone usage and microorganismsnb_NO
dc.typeBachelor thesisnb_NO
dc.source.pagenumber27nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel