I trygge hender
Abstract
Samandrag
Tittel
I trygge hender
Bakgrunn
Å skape ein trygg og god helse- og omsorgsteneste er eit viktig mål. I studietida har eg fått interesse for pasientsikkerheit og pasientsikkerheitskultur. Dette er viktig for tryggleiken til pasientane og kan betre kompetansen til sjukepleiarar om det er noko som vert satsa på. Om ein jobbar saman kan ein oppnå kvalitet og betre pasientsikkerheit. Eg har valt å avgrense til sjukeheim, då eg har flest erfaring derifrå.
Problemstilling
Korleis betre pasientsikkerheitskulturen på sjukeheim?
Metode
Denne oppgåva er ei litteraturstudie. Dette er ei studie som systematiserer kunnskap frå skriftlege kjelder, som bøker og forskingsartiklar, som allereie finst om temaet, i tillegg til erfaringsbasert kunnskap.
Oppsummering
For å betre pasientsikkerheitskulturen på sjukeheim er det viktig at sjukepleiarar får auka kompetanse –den kliniske og organisatoriske kompetansen. Pasientsikkerheitskulturen på sjukeheim handlar om at leiarar og tilsette byggjer på felles verdiar og har ei felles haldning som i praksis kjenneteiknast ved at ein heile tida søker å redusere pasientskadar.
For å skape ein betre pasientsikkerheitskultur må ein vere bevisst på å hindre uønskte hendingar. Det krev bevisstheit og ein kultur der ein er på vakt og reagerer. Samt at ein har system for å melde frå og ikkje minst lære av slike hendingar. Nøkkelord: sjukepleie, pasientsikkerheitskultur, pasientsikkerheit, sjukeheim , uønskte hendingar.
Description
Bachelor i sjukepleie SK152 Avdeling for helsefag Institutt for sjukepleiarutdanning 2 Juni 2017