Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorMjøs, Leiv Bjarte
dc.date.accessioned2018-02-01T15:18:39Z
dc.date.available2018-02-01T15:18:39Z
dc.date.issued2010-05
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2482207
dc.description.abstractBakgrunnen for at Høgskolen i Bergen har utført ei kartforretningsundersøking er at det er lite kunnskap om korleis kommunane utfører oppgåvene etter delingslova. Dette spørsmålet vart aktualisert etter at Stortinget i 2007 omgjorde lov om eigedomsregistrering med omsyn til å opne for at private landmålarar med godkjenning kan utføre oppmåling av eigedomsgrenser. Det vart ved lovendringa i 2007 bestemt at dagens system med kommunal einerett og plikt til å utføre oppmålingsforretningar, skal vidareførast. Ny lov om eigedomsregistrering er sett i kraft 1. januar 2010. Kartforretningsundersøkinga omfattar heile prosessen frå delingsløyve/rekvisisjon av kartforretning, til grenser er etablert i marka, og er gjennomført som ei spørjeundersøking. Målet med denne rapporten er å presentere dei funn vi har gjort i undersøkinga og gjennom desse funna dokumentere variasjon i praksis etter delingslova. Rapporten gjev innleiingsvis i kapittel 2 ei oversikt over kartforretningsprosessen, tidlegare undersøkingar mot dette feltet og bakgrunnen for at vi har gjennomført undersøkinga. I kapittel 3 og 4 vert det gjort greie for dei svar vi har fått i spørjeundersøkinga. I kapittel 5 er det gjort ei oppsummering av dei funn som er gjort. I kapittel 6 vert det gjort ei avsluttande drøfting med forslag til framtidige tiltak som kan bidra til å vidareutvikle systemet. Denne rapporten er publisert i mai 2010, men er i all hovudsak skriven før ny lov om eigedomsregistrering vart sett i kraft 1. januar 2010. Rapporten refererer derfor til delingslova sitt forretningssystem på tidspunktet for undersøkinga, som var juni 2007, også i den tidsform rapporten er skriven i. I store trekk vert det kartforretningssystemet som vi hadde med delingslova vidareført i oppmålingsforretninga slik den vert innført med ny lov om eigedomsregistrering. Spørsmål som er stilt, og funn som er gjort i undersøkinga, vil derfor i hovudsak vere relevant også etter 1. januar 2010.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskolen i Bergenen_US
dc.titleKartforretningsundersøkinga 2007 : frå delingsløyve til grenser i markaen_US
dc.typeOthersen_US
dc.subject.nsiVDP::Matematikk og Naturvitenskap: 400::Geofag: 450::Naturgeografi: 455en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel