Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisor
dc.contributor.authorSteinsvik, Lars Johan
dc.date.accessioned2018-02-01T15:09:41Z
dc.date.available2018-02-01T15:09:41Z
dc.date.issued2016-12-01
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2481925
dc.descriptionMasteroppgave i klinisk sykepleieen_GB
dc.description.abstractBakgrunn: I den vestlege verda er kardiovaskulær sjukdom ei av dei vanlegaste årsakene til at pasientar blir innlagt på sjukehus. Triage er eit mykje nytta system for å avgjere kva rekkefølgje pasientane skal handsamast. Rask diagnose og behandling er viktig for utfall og vidare prognose. Hensikt: Målet med studien er å skildre tidsrammer frå pasientar med brystsmerter og mistenkt hjarteinfarkt kjem til akuttmottak til dei blir tatt i mot og vurdert av sjukepleiar og lege, og korleis desse tidene ser ut i lys av kjønn, alder, hastegrad og innleggingsdiagnose. Metode: Studien er ei retrospektiv kohortstudie av 8663 pasientar over 18 år med innleggingsdiagnosar relatert til koronar arteriesjukdom som vart innlagt i perioden 2012- 2014. Diagnosane inkludert er brystsmerter, akutt hjarteinfarkt, ustabil angina pectoris, angina pectoris og uspesifisert hjartesjukdom. Data er samla frå Akuttdatabasen og frå elektronisk pasientjournal. Data vart analysert ved hjelp av IBM SPSS© versjon 23. Resultat: Kvinner venta lengre enn menn både generelt og justert for alder over/under 65 år. Dette gjaldt også innan raud hastegrad. For pasientar med raud hastegrad skjedde 83% av tildelingane av sjukepleiarar innan vedtatt tidsfrist. Delen av pasientar tilsett av lege innan tidsfristen var lågare: 50% for menn og 43% for kvinner. Uavhengig av kjønn og hastegrad venta pasientar med innleggingsdiagnose hjarteinfarkt kortare på sjukepleiar og lege enn pasientar med dei andre diagnosane. Konklusjon: Forsinka tid til vurdering av sjukepleier og lege kan gi ha negativ innvirkning på vidare oppfølging og behandling, og dermed på pasientens prognose. Kvinner og eldre pasientar ventar lengre på lege enn menn og yngre pasientar. Pasientar med uavklart hjartesjukdom ventar lengre enn pasientar med mistenkt hjarteinfarkt som diagnose ved ankomst. Uavhengig av alder og kjønn har alle krav på rask og kvalifisert oppfølging og behandling. Det er derfor behov for å identifisere tiltak for gode pasientforløp for å auke pasienttryggleiken.en_GB
dc.language.isonnoen_GB
dc.publisherHøgskolen i Bergen/Bergen University Collegeen_GB
dc.rightsAttribution-NonCommercial-ShareAlike 3.0 Norway*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by-nc-sa/3.0/no/*
dc.subject.otherakuttmottaken_GB
dc.subject.othertriageen_GB
dc.subject.othertidsbruken_GB
dc.subject.otherkoronar arteriesjukdomen_GB
dc.subject.otherbrystsmerteren_GB
dc.titleSkildring av tidsrammer gjennom akuttmottak hjå pasientar med mistenkt akutt koronarsjukdom – ei kohortundersøkingen_GB
dc.title.alternativeDescription of time frames through the emergency department in patients with suspected acute coronary heart disease – a cohort studyen_GB
dc.typeMaster thesisen_GB


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Attribution-NonCommercial-ShareAlike 3.0 Norway
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Attribution-NonCommercial-ShareAlike 3.0 Norway