Fritid for unge med Asperger syndrom: ei skattekiste?
Master thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2481865Utgivelsesdato
2011-06Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Eg har to formål med forskinga: Det første er å undersøke korleis unge med Asperger syndrom sjølv presenterer si fritid. Deira eigen presentasjon er sentral. Kva innhald fritida deira har, kva dei kunne tenkt seg annleis og kva fritid betyr er mine forskingsspørsmål. Det andre er metoden eg nyttar. Den er også eit middel til å sjå på rammer for samspel og samhandling og dimed føresetnader for sosial deltaking. Medforsking inneber her at dei har vore invitert til å ta del, innhente og avgjere bruk og presentasjon. Mi metodologiske tilnærming utforskar også rammer for samspel og samhandling. Fritid for dei tre er dei konkrete aktivitetane. I all hovudsak er den fritida dei presenterer den frie tida, den dei rår over sjølv. Dei seier seg nøgd med den fritida dei har i dag, og ynskjer ingen endringar. Fritida er dyrebar og kostbar. Dei unge syner kompetanse på sine interesseområder, og fritida kan vere ein døropnar for sosial deltaking. Det er kunnskapen og kompetansen dei har opparbeidd seg og seriøsiteten dei viser i sine fritidsaktivitetar som kan vere ein slik døropnaren. Det føreset at dei har aktivitetar som vert tilrettelagd på deira premiss. Dei har også ei sosial orientering og føresetnader for å etablere og oppretthalde eit felleskap.
Beskrivelse
Mastergradsoppgåve i samfunnsarbeid