Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorSataøen, Svein Ole
dc.contributor.authorTrippestad, Tom Are
dc.contributor.authorØkland, Magli Sofie
dc.contributor.authorSkauge, Tom
dc.contributor.authorKvitastein, Olav
dc.contributor.authorJasfari, Jonas
dc.date.accessioned2018-02-01T14:55:04Z
dc.date.available2018-02-01T14:55:04Z
dc.date.issued2014-09-10
dc.identifier.isbn978-82-7709-202-7
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2481559
dc.descriptionRapport frå Følgjegruppa for barnehagelærarutdanninga til Kunnskapsdepartementet. Rapport Nr. 1
dc.description.abstractDenne rapporten er den første i det som skal vere årlege rapportar frå Følgjegruppa for barnehagelærarutdanning. Arbeidsperioden for følgjearbeidet er 2013-2017. Dei første studentane vart tekne opp til den nye barnehagelærarutdanninga hausten 20131. Følgjegruppa har dette året hatt eit særleg blikk på iverksetjinga av den nye utdanninga ved dei institusjonane som gir slik utdanning2. Tittelen på rapporten er talande nok: «Den nye barnehagelærarutdanninga. Mulegheiter og utfordringar.» I tillegg til iverksetjinga (kapittel 4), har følgjegruppa også sett på arbeidet med praksisopplæringa (kapittel 5), kunnskapsområda (kapittel 6) og pedagogikkfaget (kapittel 7) i den nye utdanninga. Desse tre kapitla er bygde opp etter same lest. Vi har teke utgangspunkt i kva forskrifta om rammeplan for barnehagelærarutdaning og nasjonale retningsliner seier om dei tre områda. Vidare gir vi eit kort historisk tilbakeblikk på korleis desse områda har vore handsama i tidlegare førskulelærarutdanningar. Siktemålet med kapitla er å gjere greie for og analysere utfordringar og mulegheiter institusjonane har når det gjeld kunnskapsområda, praksisopplæringa og pedagogikkfaget. Dette gjer vi ved å bruke kunnskap og erfaringar frå møta med institusjonane som følgjegruppa gjennomførte våren 2014. Kvart kapittel vert avslutta med konkrete tilrådingar til utdanningsinstitusjonane og til Kunnskapsdepartementet. Rapporten inneheld også eit kapittel (kapittel 2) som gjer greie for studietilboda og studiemodellane ved dei universiteta og høgskulane som gir barnehagelærarutdanning. I tillegg eit eige kapittel (kapittel 3) med nokre avgrensa data om søkjartal til utdanninga, inntakskvalitet, førebelse tal om fråfall frå utdanninga og analyse av framtidig behov for barnehagelærarar.3 Følgjegruppa har dette første året også gjennomført ei landsomfattande spørjeundersøking til alle andre og tredjeklassestudentane i den «gamle» førskulelærarutdaninga og alle dei nye barnehagelærarstudentane. Hovudfunna frå undersøkinga er tekne inn i kapittel 3. Samla rapport frå undersøkinga følgjer som eige vedlegg. Følgjegruppa vil takke dei studentane som deltok i denne undersøkinga. 1 I samband med omlegginga av namnet på utdanninga frå førskulelærar- til barnehagelærarutdanning, vart også yrkestittelen endra til barnehagelærar. 2 Følgjegruppa sine grunngjevingar for val av arbeidsområde dette året, er nærare omtalt i kapittel 1 i rapporten. 3 Følgjegruppa vil på nyåret 2015 ha klar ein delrapport om søkjartal, fråfall frå utdanninga, inntakskvalitet, framtidig behov for barnehagelærarar og dimensjonering av utdanningskapasitet framover. I denne rapporten vil også få med oss tal frå studentopptaket 2014. 2 Rapporten er resultat av godt samarbeid på mange område. Men først og fremst vil følgjegruppa rette stor takk til dei 18 universiteta og høgskulane som tok imot oss på ein svært positiv måte under dei møta vi hadde med dei i vår. Desse møta var viktige for arbeidet vårt med denne første rapporten. Vi håpar på same velvilje og openheit i arbeidet dei neste åra. Det er sekretariatet for følgjegruppa ved Senter for utdanningsforskning ved Høgskolen i Bergen som har hatt hovudansvaret for å skrive rapporten i samråd med og etter innspel frå følgjegruppa. Følgjegruppa har hatt eit særleg ansvar for å utarbeide tilrådingane som avsluttar kvart rapportkapittel. Sekretariatsleiar Svein Ole Sataøen har skrive kapittel 1, 2, og 6. Svein Ole Sataøen og Tom Are Trippestad kapittel 4, Magli Sofie Økland kapittel 5 og Svein Ole Sataøen og Magli Sofie Økland kapittel 7. Tom Skauge, Olav Kvitastein og Jonas Jasfari har hatt ansvaret for kapittel 3 og rapportvedlegget, der studentundersøkinga er presentert. Alle er tilsett ved Høgskolen i Bergen. Den samla årsrapporten har følgjegruppa lese og kommentert. Følgjegruppa har dette året sett av midlar til to prosjekt som skulle gi faglege innspel til følgjegruppa i arbeidet med denne rapporten. Det eine bidraget har tittelen: «Praksis sett frå pilotprosjektet ved Høgskulen i Sogn og Fjordane», og er utarbeidd av Mari Engesæter. Arbeidet tek utgangspunkt i det såkalla PIL-prosjektet4 som Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF) har delteke i og drøftar praksisopplæringa slik ho har vore organisert og gjennomført i BLU piloten5 ved HiSF. Rapporten er lagt ved. Det andre arbeidet har tittelen: «Tverrfaglighet i barnehagelærerutdanningen», og er utarbeidd av Marianne Presthus Heggen og Kjellrun Hiis Hauge (2014) ved Høgskolen i Bergen, avdeling for lærerutdanning. Arbeidsnotatet gir faglege bidrag til forståing av omgrep som einfagleg, tverrfagleg, fleirfagleg og transfagelg. Fagstoff herifrå er teke inn i rapporten frå følgjegruppa6. Rapporten må lesast som eit framhald av den forståinga følgjegruppa har lagt til grunn for arbeidet sitt. Vi har lagt vekt på å få til opne og konstruktive dialogar mellom ulike 4 http://www.pilprosjektet.com/ og http://www.pilprosjektet.com/delprosjekter/hisf/ 5 Høgskulen i Sogn og Fjordane Høgskulen i Sogn og Fjordane vart oppnemnd av Kunnskapsdepartementet til å køyre eit pilotprosjekt og ha eit kull Barnehagelærarutdanning alt frå hausten 2013: http://www.utdanningsforbundet.no/upload/Tidsskrifter/Forste%20steg/FS_1_13/Fs%201%202013_8-11.pdf 6 Arbeidsnotatet kan skaffast ved å kontakte sekretariatet for følgjegruppa. interessentar i samband med denne reforma, for saman å kunner identifisere og reflektere over problemområda i reformarbeidet. Rapporten, og også den nasjonale konferansen 18. og 19. september, er eit bidrag til vidare dialog og samhandling omkring den nye barnehagelærarutdanningaen_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskolen i Bergenen_US
dc.relation.ispartofseriesRapport frå Følgjegruppa for barnehagelærarutdanninga til Kunnskapsdepartementeten_US
dc.subject.otherbarnehagelærerutdanningen_US
dc.subject.otherBLU
dc.subject.otherfølgegruppe for barnehageutdanning
dc.titleFrå førskulelærar til barnehagelærar : Den nye barnehagelærarutdanninga, mulighet og utfordringaren_US
dc.typeBooken_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel