Korleis gå fram for å involvere bachelorstudentar i forsking: Sjukepleiestudentar som medforskarar i sjukeheim
Sandvoll, Anne Marie; Kleiven, Ole T.; Grov, Ellen Karine; Solenova, Liudmila; Hjertenes, Anne-Margrethe; Søreide, Hilde; Galek, Joanna; Zablotna, Danuta T.; Dale, Merete Johnsen
Abstract
Notatet beskriv korleis faglærarar har planlagt og gått fram for å involvere sjukepleiestudentar i forsking. Studentinvolvering i forsking er i tråd med politiske føringar og krav til forskingsbasert undervisning. Forskingsbasert undervisning vert her forstått som at studentane skal delta i undersøkande prosessar, som vil seie at dei deltek aktivt i forskingsprosessen. Det kan vere utfordrande å inkludere studentar i forsking. Difor planla vi eit prosjekt der sjukepleiestudentar skulle delta i forsking medan dei var i praksis i sjukeheim. Studentane skulle registrere aktivitetar i dagleg livet (ADL) hjå bebuarane i sjukeheim. Kartleggingsverktøy er lite brukt i sjukeheim, men er viktig for å dokumentere kva behov bebuarane har for hjelp. Faglærarane vart viktige tilretteleggjarar i prosessen og s¬¬¬tudentane utvikla evna til observasjon. Sjølv om dette eksempelet er frå sjukepleie, meinar vi at erfaringane kan nyttast av andre som ynskjer å involvere bachelorstudentar i forsking.