Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorSkage, Line
dc.date.accessioned2018-01-11T12:58:18Z
dc.date.available2018-01-11T12:58:18Z
dc.date.issued2017-10
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2477020
dc.description.abstractGjennom ulike Stortingsmeldingar signaliserer styresmaktene at dei forventar at aktørane i skulesektoren skal utføre samfunnsoppdraget på eit kunnskapsgrunnlag der forsking og erfaringsbasert kunnskap inngår. Målet med studien har vore å undersøkje korleis skuleleiarar forstår styringssignalet om ei kunnskapsbasert profesjonsutvikling og korleis dei omsett ideen til handlingar i den lokale konteksten. Studien er ei kvalitativ undersøking der eg har intervjua åtte avdelingsleiarar, med ei semistrukturert tilnærming. Funna i studien syner at avdelingsleiarane forstår styringssignalet som eit behov for kontroll frå styringsmaktene si side ut frå ein målstyringslogikk. Evidensomgrepet er lite brukt av avdelingsleiarane. Dersom ein skal leggje evidenslogikken til grunn for kunnskapsbasert profesjonsutvikling tyder funna mine på at ein måtte lagt eit vidt evidensomgrep til grunn som rommar teori, erfaring og profesjonelt skjønn. I den lokale konteksten legg avdelingsleiarane vekt på utvikling, fagleg autonomi og den erfaringsbaserte kunnskapen til lærarane står sterkt. Resultata frå elevundersøkinga og andre statistikkar er nytta som eit grunnlag for kunnskapsbasert profesjonsutvikling, forsking og teori er nytta, men meir sporadisk. Der ein har nytta forskingsbasert teori som eit kunnskapsgrunnlag gir dette positive effektar. I den lokale konteksten er det profesjonsstyringslogikken som dominerer og hjå leiarane. Funna tyder på at ideen om kunnskapsbasert profesjonsutvikling blir modifisert i omsetjinga og at det er ein samanheng mellom avdelingsleiarane si forståing og korleis dei omsett ideennb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherHøgskulen på Vestlandetnb_NO
dc.titleKunnskapsbasert profesjonsutvikling, forståing og omsetjing av idenb_NO
dc.title.alternativeKnowledge-based professionalism, understanding and translation of ideanb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel