Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorBjordal, Terese
dc.date.accessioned2017-11-22T13:53:24Z
dc.date.available2017-11-22T13:53:24Z
dc.date.issued2017
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2467608
dc.descriptionMaster i samhandling innan helse – og sosialtenester Avdeling for Helsefag 16. juni 2017nb_NO
dc.description.abstractTittel: På rett spor? Erfaringar frå samhandling mellom ambulerande alderspsykiatrisk team og sjukeheimstilsette innanfor demensomsorg Problemstilling: Korleis erfarer dei tilsette ved sjukeheim rettleiing frå alderspsykiatrisk ambulerande team når det gjeld pasientar med demens som har utfordrande åtferd? Bakgrunn: Dei offentlege omsorgstenestene har sidan 1970- åra vore i sterk vekst og forløparen til samhandlingsreforma la vekt på tenesteyting på lågaste effektive omsorgsnivå. Opptrappingsplan for psykiske helse vart derfor innført i 1999. I tråd med dette har spesialisthelsetenesta redusert institusjonskapasiteten medan distriktspsykiatriske senter (DPS) og tenester i kommunal regi er under oppbygging. Behovet for koordinerte helsetenester er sentralt i samhandlingsreforma og den lovpålagde råd- og rettleiingsplikta som spesialisthelsetenesta har overfor kommunale helse- og omsorgstenester, er eit viktig verkemiddel. Derfor vert ambulerande alderspsykiatrisk team anbefalt for å møte pasienten i nærmiljø hans/hennarog på den måten styrke tilbodet innan alderspsykiatri og demens. Pasientar innanfor alderspsykiatri og pasientar med demens som har åtferdsendringar vert ofte viste vidare til alderspsykiatrisk team. Mål: Målet med studien er å få kunnskap om korleis dei tilsette ved sjukeheimen opplever rettleiing frå alderspsykiatrisk ambulerande team. Metode: Det er i studien nytta kvalitativ metode, med semistrukturerte, individuelle intervju. Seks profesjonsarbeidarar som jobbar ved fire sjukeheimar har vore intervjua. I analysen av datamaterialet vart det nytta systematisk tekstkondensering som metode. Resultat: Funna viser at informantane nyttar seg av tenesta frå ambulerande alderspsykiatrisk team og opplev at den er til god hjelp. Men informantane ønsker enno meir rettleiing knytt til direkte observasjon i samhandlinga mellom pasient og helsepersonell. Dette for å vite om dei er på rett spor i arbeidet med personar med demens og for å få meir kompetanse. Informantane opplev tøffe tak i høve pasientar med demens som har utfordrande åtferd. Alle informantane meinte samhandlinga mellom kommune og spesialisthelseteneste måtte bli betre og dei etterlyste meir informasjon om tilbodet frå alderspsykiatrisk ambulerande team. Konklusjon: Primærhelsetenesta nyttar spesialisthelsetenesta for fagleg kompetanseoppbyggjing, men har behov for enno meir direkte rettleiing i samhandlingssituasjonar mellom pasient og omsorgsgivar. Samhandlinga mellom kommune og spesialisthelseteneste må bli betre og det er viktig at informasjon om tilbodet frå aldersgeriatrisk ambulerande team vert kjent. Nøkkelord: ambulerande, aldersgeriatriske team, pasientar med sjukdomen demens som har utfordrande åtferd, rettleiing, meistring, samhandling, sjukeheimstilsettenb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherHøgskulen på Vestlandet
dc.subjectaldersgeriatriske teamnb_NO
dc.subjectdemensnb_NO
dc.subjectutfordrende atferdnb_NO
dc.subjectsamhandlingnb_NO
dc.subjectambulerende teamnb_NO
dc.title«På rett spor?» Erfaringar frå samhandling mellom ambulerande alderspsykiatrisk team og sjukeheimstilsette innan demensomsorgnb_NO
dc.title.alternative«On the right track?» Experiences of coordination between age- psychiatric ambulatory team and nursing staff in dementia carenb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.source.pagenumber87nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel