Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorRøksund, Berit Sølvi Krunenes
dc.date.accessioned2017-10-09T12:06:09Z
dc.date.available2017-10-09T12:06:09Z
dc.date.issued2017
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2459198
dc.description.abstractBakgrunn: Palliative pasientar blir innlagt på generelle medisinske og kirurgiske sengepostar når dei treng sjukehusopphald. Der må dei ofte dele rom med kurative pasientar. Sjukepleiarar skal yta omsorg samstundes til desse ulike pasientgruppene. Hensikt: Hensikta med studia er å løfta fram og sjå nærare på utfordringar og føremoner sjukepleiarar har når dei skal yta omsorg til blanda pasientgrupper og kva dei tenkjer må til for at dei palliative pasientane skal verta betre ivareteken når dei er innlagt på sjukehus. Det ytste målet er at ein som sjukepleiar vil verta i betre stand til å sjå pasienten si liding og klara å yta heilskapleg omsorg ut frå dei ulike pasienten sine behov. Problemstilling: Korleis erfarer sjukepleiarar å ha omsorg for pasientar i palliativ fase, samstundes som dei skal ivareta andre pasientgrupper? Metode: Dette er ei kvalitativ studie med hermeneutisk tilnærming. To fokusgruppeintervju med sjukepleiarar er gjennomført, tilsette på generelle medisinske og kirurgiske sengepostar. Studia har til saman 7 informantar. Funn: Omsorg til blanda pasientgrupper er eit stemningsarbeid med mykje kontrastar, der sjukepleiarane opplev å gå inn og ut av roller, der ein vekslar mellom sorg og glede. Dei opplev at dei må vera mykje meir konsentrert når dei er hos pasientar i siste fasen av livet. Arbeidet vert opplevd som krevjande, men og givande, der ein får mykje att for omsorga ein gir. Å ha kurative pasientar innimellom, blir sett som «ei kvile». Mangel på tid til dei ulike pasientgruppene, vert sett som ei stor utfordring, og prioriteringa over kven ein skal bruka mest tid på, blir opplevd som vond. Det var og sett av lita tid til vegleiing av dei tilsette. Konklusjon: Omsorgsarbeid til blanda pasientgrupper er eit arbeid som krev at sjukepleiar heile tida er vàr for kva situasjon pasienten ho har omsorg for, er i. Sjukepleiar må ha evna til å snu seg om, og møta den enkelte der den er. For at sjukepleiar skal makta dette kontrastfylte arbeidet som krev mykje av ein som omsorgsytar, må sjukepleiar sjølv verta ivareteken og sett. Det kan skapast ei ontologisk utvikling hos den enkelte sjukepleiar når han/ho opne opp, og ser kva som står på spel hos den enkelte pasient.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherHøgskulen på Vestlandet
dc.titleIvaretaking av palliative pasientar på sjukehusnb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel