På same lag : ein kvalitativ studie innan kollektive leiings- og læringsprosessar
Master thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2456671Utgivelsesdato
2017Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Denne studien tek sikte på å finne ut kva kollektive leiings- og læringsprosessar som blir oppfatta som konstruktive av dei tilsette på ulike nivå innan yrkesfagleg utdanningsretning. Det er ein kvalitativ studie der det er gjennomført sju ein-til-ein intervju av leiarar og lærarar. Oppgåva byggjer på Nonaka & Takeuchis sin kunnskapsspiral, også kjent som SEKImodellen, som illustrerer korleis kunnskap utviklast og delast i eit arbeidsfellesskap. Oppgåva bygger også på Irgens sitt utviklingshjul, der målet er å vere ein organisasjon i bevegelse og utvikling. Å jobbe med kollektive utviklingsprosessar i skulen for å få ein organisasjon i utvikling, kan vere ei utfordring å få til i ein hektisk kvardag. Forsking viser at ei slik prioritering er nødvendig for å vere ein lærande organisasjon og for at elevane si læring skal vere i sentrum.
Hovudfunn i denne oppgåva viser at det krev leiing for å jobbe med kollektive utviklingsprosessar i fellesskap. Prosessane må vere godt planlagt med ein god struktur og tydeleg leiing. Arbeidstida må tidfestast, og leiinga må ta del og følgje opp utviklingsarbeidet. Ein må jobbe med få mål over tid, slik ein ser resultat av arbeidet. Når lærarane opplever satsingsområda som nyttige og kan tilpasse eigen undervisning, blir dette opplevd som konstruktivt. På denne måten blir alle tilhøva lagt til rette for å utvikle seg sjølv og organisasjonen - med elevane si læring i sentrum. Det skjer mykje konstruktiv erfaringsutveksling på dei uformelle arena i skulekvardagen. Arbeid knytt til eiga undervisning og driftsoppgåver går stort sett av seg sjølv og krev ikkje leiing i same grad. Dei kollektive utviklingsprosessane ein skal jobbe med i heile organisasjonen, må leiinga legge til rette for slik at ein kan jobbe i fellesskap om å utvikle skulen.
Beskrivelse
Masterstudium i organisasjon og leiing, og utdanningsleiing Avdeling for samfunnsfag Institutt for samfunnsvitskap 09.06.2017