dc.description.abstract | Denne studien har som føremål å få betre kunnskap om kva det er å vere ein utviklingsorientert rektor. Gjennom intervju med eit strategisk utval på åtte rektorar frå grunnskulen i Sogn og Fjordane har eg undersøkt kva erfaring, bakgrunn og utdanning slike utviklingsorienterte rektorar har. Dei er spurde om korleis dei opplever rektorrolla, kva handlingsrom dei opplever å ha, korleis dei ser på arbeidet stillinga medfører, og kva tankar dei har om leiareigenskapar og si eiga rolle i utviklingsarbeid ved skulane der dei arbeider. Eg finn at rektorane har formell leiarutdanning, og kontinuerleg og aktivt søker etter ny kunnskap. Det kan sjå ut som om leiarutdanninga betyr noko for denne aktiviteten. Dei lærer mykje, i samspel og i samarbeid med andre, men ikkje minst av utfordringar dei møter og har møtt. Dei reflekterer mykje, både individuelt og i samarbeid med andre. Dei framstår som ekstroverte, engasjerte, sosiale og omgjengelege. Dei er opptekne av å involvere andre. Dei talar mykje om medverknad. Dei synest å skape sin eigen energi, dei likar fleksibilitet og nyttar tilgjengelege handlingsrom til å utvikle eigne prosjekt. Dei likar å ha mykje ansvar, utan å bli for styrte ovanfrå. Dei prioriterer oppgåver og ansvar på sjølvstendig grunnlag, og framhevar at leiarar må ha «ein idé sjølve». Resultata i studien er drøfta i lys av generell- og skulefagleg relatert leiingsteori, og aktuell litteratur om offentleg styring og organisering av skulane i Noreg. | nb_NO |