Ein ny metode for å vurdere kvalitet på sjukepleietenesta ved medisinske sengepostar
Original version
I M. Kvangarsnes, J. I. Håvold & Ø. Helgesen (Red.), Innovasjon og entreprenørskap: Fjordantologien 2015 (s. 264-281). Oslo: Universitetsforlaget. 10.18261/9788215027623-2016-14Abstract
Internasjonale studiar tydar på at sjukepleiarar sine arbeidsforhold verkar inn på pasientane sin helsestatus. I denne studien har vi utvikla ein metode for å kartlegge karakteristika ved arbeidsmiljøet, som er assosiert med kvalitet på sjukepleietenester. Metoden kan nyttast som utgangspunkt for å forbetre kvalitet ved norske medisinske sengepostar. Denne tverrsnittstudien vart utført på fire medisinske sengepostar og inkluderte 58 sjukepleiarar. Karakteristika ved arbeidsmiljøet vart målt med Ward Organisational Feature Scales (WOFS) og kvalitet på sjukepleietenester med eit skjema som måler kva grad sjukepleiarane meiner at pasientane får oppfylt sine grunnleggande behov mens dei er innlagt. Analysen resulterte i ein modell der WOFS forklarer 38,3 % av variasjonen i kvalitet på sjukepleietenester, p < 0,05. Analysen syner vidare at ei rekke ulike aspekt ved samansetning og organisering av personellressursane saman med opplevd kvalitet på kommunikasjon og samarbeid i pleiegruppa, har ein særleg sterk assosiasjon med kvalitet på sjukepleietenester. Forventningar ein hadde til jobben på førehand, viste også ein betydeleg assosiasjon med kvalitet på sjukepleietenester. Legesamarbeid viste også assosiasjonar med kvalitet på sjukepleietenester, men her var samanhengane noko svakare. Av andre WOFS-spørsmål viste særleg «Innreiing og utstyr for pårørande sine behov» ein samanheng med kvalitet på sjukepleietenester. Pleiepersonellet drøfta funna og var einig om at desse områda var viktige fokus for vidare forbetringsarbeid.