• norsk
    • English
  • English 
    • norsk
    • English
  • Login
View Item 
  •   Home
  • Høgskulen på Vestlandet
  • Øvrige einingar / Other departments
  • Administrative einingar
  • View Item
  •   Home
  • Høgskulen på Vestlandet
  • Øvrige einingar / Other departments
  • Administrative einingar
  • View Item
JavaScript is disabled for your browser. Some features of this site may not work without it.

Det vil vise seg: Norsk Viseforum – og eit muleg Vestnorsk Viseforum

Arnestad, Georg
Working paper
Thumbnail
View/Open
Rapport.viseforum.17.5 .pdf (450.8Kb)
URI
http://hdl.handle.net/11250/2448369
Date
2017-05-17
Metadata
Show full item record
Collections
  • Administrative einingar [22]
Abstract
Denne rapporten er resultatet av eit oppdrag frå Norsk Viseforum (NVF) om å greie ut spørsmålet om mogleg skiping av eit Vestnorsk Viseforum. Det vil i så tilfelle vere tredje gongs etablering. Det første Vestnorsk Viseforum vart etablert i 1974, midt under visebølgja. Men bølgja stilna mot slutten av 70-talet. Og ut på 80-talet var Vestnorsk Viseforum heilt borte. I 2014 tok så NVF initiativet til å etablere eit nytt Vestnorsk Viseforum. Det vart registrert i Brønnøysund, og eit styre vart nemnt opp. Men alt året etter rakna det. I hovudsak grunna samarbeidsvanskar i det oppnemnde styret. I denne utgreiinga har vi lagt eit lengre tidsperspektiv til grunn. Vi fortel historia om visebølgja frå 1965 til slutten av 70-talet. Eit resultat av visebølgja var skipinga av Norsk Viseforum og seks regionale forum innan 1976. Berre Norsk Viseforum og Østnorsk Viseforum har klart seg samanhengande gjennom dei 40 åra sidan då. Nordnorsk Viseforum eksisterer også i dag, men har hatt fleire periodar utan aktivitet, og vorte restarta to gonger. Men i dag peikar pilene oppover for viserørsla. Feltet er i vekst, aktiviteten aukar, det vert fleire nye viseklubbar, nye spennande artistar osv. Også på Vestlandet. NVF diskuterer ny strategi, der amatør og profesjonell skal likestillast, og vil ha slutt på feltets sjangermessige utanforskap. Visefeltet gjer krav på sin rettmessige del av dei offentlege midlane til rytmisk musikk. Sett i lys av ei slik utvikling er det òg rimeleg at NVF ønskjer seg eit sterkt regionalt viseforum også på Vestlandet. Utgreiinga sluttar seg til dette. Tida er moden for å etablere eit berekraftig viseforum på Vestlandet. Men det kjem ikkje av seg sjølv. Utgreiinga drøftar utfordringar ein står overfor, og korleis ein best kan få til ei berekraftig drift og finansiering av eit Vestnorsk Viseforum.
Publisher
Høgskulen på Vestlandet, Nærregion Sogn og Fjordane
Series
Notat - Høgskulen på Vestlandet, Nærregion Sogn og Fjordane;3/2017

Contact Us | Send Feedback

Privacy policy
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Service from  Unit
 

 

Browse

ArchiveCommunities & CollectionsBy Issue DateAuthorsTitlesSubjectsDocument TypesJournalsThis CollectionBy Issue DateAuthorsTitlesSubjectsDocument TypesJournals

My Account

Login

Statistics

View Usage Statistics

Contact Us | Send Feedback

Privacy policy
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Service from  Unit