Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorArnestad, Georg
dc.date.accessioned2017-07-11T06:56:43Z
dc.date.available2017-07-11T06:56:43Z
dc.date.issued2017-05-17
dc.identifier.issn0806-1696
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2448369
dc.description.abstractDenne rapporten er resultatet av eit oppdrag frå Norsk Viseforum (NVF) om å greie ut spørsmålet om mogleg skiping av eit Vestnorsk Viseforum. Det vil i så tilfelle vere tredje gongs etablering. Det første Vestnorsk Viseforum vart etablert i 1974, midt under visebølgja. Men bølgja stilna mot slutten av 70-talet. Og ut på 80-talet var Vestnorsk Viseforum heilt borte. I 2014 tok så NVF initiativet til å etablere eit nytt Vestnorsk Viseforum. Det vart registrert i Brønnøysund, og eit styre vart nemnt opp. Men alt året etter rakna det. I hovudsak grunna samarbeidsvanskar i det oppnemnde styret. I denne utgreiinga har vi lagt eit lengre tidsperspektiv til grunn. Vi fortel historia om visebølgja frå 1965 til slutten av 70-talet. Eit resultat av visebølgja var skipinga av Norsk Viseforum og seks regionale forum innan 1976. Berre Norsk Viseforum og Østnorsk Viseforum har klart seg samanhengande gjennom dei 40 åra sidan då. Nordnorsk Viseforum eksisterer også i dag, men har hatt fleire periodar utan aktivitet, og vorte restarta to gonger. Men i dag peikar pilene oppover for viserørsla. Feltet er i vekst, aktiviteten aukar, det vert fleire nye viseklubbar, nye spennande artistar osv. Også på Vestlandet. NVF diskuterer ny strategi, der amatør og profesjonell skal likestillast, og vil ha slutt på feltets sjangermessige utanforskap. Visefeltet gjer krav på sin rettmessige del av dei offentlege midlane til rytmisk musikk. Sett i lys av ei slik utvikling er det òg rimeleg at NVF ønskjer seg eit sterkt regionalt viseforum også på Vestlandet. Utgreiinga sluttar seg til dette. Tida er moden for å etablere eit berekraftig viseforum på Vestlandet. Men det kjem ikkje av seg sjølv. Utgreiinga drøftar utfordringar ein står overfor, og korleis ein best kan få til ei berekraftig drift og finansiering av eit Vestnorsk Viseforum.
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherHøgskulen på Vestlandet, Nærregion Sogn og Fjordanenb_NO
dc.relation.ispartofseriesNotat - Høgskulen på Vestlandet, Nærregion Sogn og Fjordane;3/2017
dc.titleDet vil vise seg: Norsk Viseforum – og eit muleg Vestnorsk Viseforumnb_NO
dc.typeWorking papernb_NO
dc.source.pagenumber31nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel