Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorHjelmeland, Inger Helen Hardeland
dc.date.accessioned2017-06-21T12:42:33Z
dc.date.available2017-06-21T12:42:33Z
dc.date.issued2015
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2446588
dc.description.abstractBakgrunn: Fleire offentlege dokument i Norge legg stor vekt på at kreftomsorg skal ha eit heilhetleg og personretta fokus. Oppretting av kommunal kreftkoordinator kjem etter intensiv frå Kreftforeningen, som påpeiker eit stort behov for personretta omsorg for kreftramma familiar i norske kommunar. Kreftkoordinator skal vere tilgjengeleg for pasientar, pårørande og helsepersonell. Blant oppgåvene til ein kreftkoordinator er støttesamtalar, rådgjeving og klinisk, symptomretta arbeid Mål: Denne masteroppgåva har som mål å framskaffa ny kunnskap om kreftkoordinator sine erfaringar etter oppretting av stillingane. Forskningsspørsmåla var: 1: Kva er nytt i tilbodet til personar med kreft og deira pårørande etter oppretting av koordinatorstilling, og kva verdi kan dette ha? 2:Kva innebærer det å vere med å utvikla omsorgstilbodet til alvorleg sjuke og deira pårørande? Metode: Metoden er fokusgruppeintervju med åtte kreftkoordinatorar frå land- og by-kommunar. Det er foretatt ein tematisk innholdsanalyse av data, med meiningskoding, meiningskondensering og meiningstolking. Resultat: Tema frå analysen viser; at kreftkoordinator representerer eit nytt lågterskeltilbod til pasient og pårørande. Stillingane sikrar at høg kompetanse er tilgjengeleg i alle deler av pleie og omsorstenestene i kommunane. Tverrfagleg arbeid rundt kreftpasientar har auka i omfang og kvalitet. Dette indikerer potensiale for besparing. Kreftkoordinatorrolla framstår som uklar. Jobben som kreftkoordinator er krevande, solid støtte rundt den enkelte er eit behov. Implikasjonar for praksis: Det kan sjå ut som om kreftkoordinator representerer eit person-sentrert omsorgstilbod som er i tråd med nasjonale føringar. Ordninga bør gjennomgå ei større evaluering. Konklusjon: Kreftkoordinator kan representera eit personsentrert lågterskeltilbod som kan ha besparande virkning for kommunane. Nøkkelord: Kreftkoordinator, kreftomsorg, kommunehelseteneste, personsentrert omsorg, kompetansenb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.titleKreftomsorg i endring: Ein kvalitativ studie av kreftkoordinatorar sine erfaringar etter innføring av kommunal kreftkoordinatornb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel