Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorStrømsnes, Malin Kambe
dc.date.accessioned2017-05-31T08:26:03Z
dc.date.available2017-05-31T08:26:03Z
dc.date.issued2017
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2443948
dc.description.abstractBakgrunn for val av tema: Gjennom utdanninga mi har eg i praksis på rehabiliteringsavdeling møtt pasientar med gjennomgått hjerneslag som har opplevd manglande håp for framtida. På bakgrunn av dette vil det i sjukepleiepraksis vere viktig å ha kunnskap om kva ein kan bidra med for å fremje håpet deira. Oppgåvas hensikt: Å få auka kunnskap om korleis ein som sjukepleiar kan bidra til å fremje håp hos pasientar med gjennomgått hjerneslag. Problemstilling: ”Korleis kan sjukepleiar bidra til å fremje håp hos pasientar i rehabiliteringsfasen etter nyleg gjennomgått hjerneslag?”. Metode: Oppgåva er eit litteraturstudie, der eksisterande forsking og anna relevant litteratur er brukt for å kunne svare på problemstillinga. Artiklane er funne gjennom databasane CINAHL og Embase. På bakgrunn av søkeorda ”nursing”, ”stroke”, ”hope”, ”health care”, ”factors influencing”, ”rehabilitation” og ”cerebrovascular accident” inkluderte eg 4 artiklar. Resultat: Funna frå forskingsartiklane viser faktorar som kan påverke håpet. Viktige faktorar for å bidra til å fremje håp i møte med den slagramma, omhandlar relasjonsbygging, lytting, forståing, kunnskap, informasjon, realistiske håp og meiningsfulle og oppnåelege mål. Oppsummering: Sjukepleiar kan bidra til å fremje pasientane sitt håp om ho har kunnskap om kva håp er for pasienten, og om ho skapar ein relasjon der ho ser han som eit unikt individ, lyttar og tar seg tid til han. Det viser seg at sjukepleiar ved å gi pasienten informasjon om tilstanden hans, skapar ei betre forståing og tar bort utryggleik. Viktigheita av å hjelpe pasienten til å skape realistiske håp og setje meiningsfulle mål kjem fram. Det viser seg at håpet er avgjerande for at pasienten skal sjå mot framtida og moglegheitene den inneber, samt få krefter og motivasjon til å komme seg gjennom rehabiliteringsprosessen. Nøkkelord: håp, hjerneslag, kunnskap, relasjon, realistisk håp.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.titleHjerneslag: håpets styrke.nb_NO
dc.typeBachelor thesisnb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel