Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorMcmillan, Kimberlee Stenberg
dc.date.accessioned2017-05-31T08:16:59Z
dc.date.available2017-05-31T08:16:59Z
dc.date.issued2017
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2443943
dc.description.abstractBakgrunn: Kvart år vert omlag 15 000 menneske i Noreg råka av hjerneslag. Av desse får om lag 6-7 000 afasi. Risikoen for hjerneslag aukar med alderen, og då andelen av den eldre befolkninga stadig aukar kan me vente å sjå ei auke i antal hjerneslag i åra framover. Problemstilling: Korleis kan sjukepleiar oppnå god kommunikasjon med pasientar med afasi etter hjerneslag medan dei er under rehabilitering? Hensikt: Hensikta med denne bacheloroppgåva er å undersøke tidlegare forsking på teamet nemnt i problemstillinga. Gjennom å undersøke forsking, pensum og anna relevant litteratur skal problemstillinga diskuterast. Metode: Litteraturstudie Funn: I forskinga brukt i oppgåva kjem det fram viktigheita av å trene aktivt på korleis pasienten skal klare aktivitetar i det daglege liv. Dette førebur pasienten på livet som ventar etter rehabiliteringsopphalde. Det kjem også fram viktigheita av å skape ein relasjon, der fokuset bør vere ømheit og omsorg. Sjukepleiar må ha fokus på fleire ting medan pasienten er under rehabilitering, og det pasienten uttrykker som viktig er bevaring av pasientens eigen identitet, motivering til trening, å sjå omsorgsbehova til pasienten og likeverd mellom sjukepleiar og pasient. Dette kan vere med på å auke meistringskjensla og motverke kjensler som isolasjon. Konklusjon: Tolmod, tid og respekt er avgjerande i kommunikasjon med pasientar råka av afasi. Ein må ta tida til hjelp å la ein relasjon utvikle seg, på denne måten legg ein til rette for kommunikasjon. Å ha fokus på kva ytre faktorar som kan påverke kommunikasjonen er viktig, samt kva hjelpemiddel som er tilgjengeleg for å forbetre kommunikasjonen. Nøkkelord: Afasi – hjerneslag – rehabilitering - kommunikasjonnb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.titleNår ord manglar – sjukepleie til pasientar med afasinb_NO
dc.typeBachelor thesisnb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel