Show simple item record

dc.contributor.authorÅsheim, Lise
dc.date.accessioned2017-05-31T07:49:22Z
dc.date.available2017-05-31T07:49:22Z
dc.date.issued2017
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2443931
dc.description.abstractBakgrunn for val av tema: Førekomsten av MRSA er stadig aukande i Noreg og som sjukepleiar kan ein møte pasientar med MRSA over alt i helsevesenet. Helsepersonell har i dag tilgang på kunnskap om handtering av MRSA. I møte med pasientane, kan det vera formålstenleg å tileigne seg kunnskap om korleis MRSA påverkar pasienten i kvardagslivet. Problemstilling: I møte med MRSA- smitta pasientar: Korleis kan sjukepleiar gjennom dette møtet bidra til å lindre pasientens liding? Oppgåvas hensikt: Hensikta er å få ei djupare forståing for korleis dei MRSA- smitta pasientane kan oppleva deira liding, men også belyse korleis sjukepleiar kan lindre lidinga hjå denne pasientgruppa. I tillegg til å spreie kunnskap om MRSA, er hensikta med oppgåva at eg som sjukepleiar, tileignar meg kunnskap knytt til omgrepet liding. Metode: Oppgåva er ei litteraturstudie. Fem artiklar vart inkludert i oppgåva og ingen av dei var eldre enn frå 2009. Tre artiklar var funnen i databasen CINAHL og to artiklar var funnen i databasen PubMed. Alle artiklane er basert på studiar utført i Sverige. Resultat: Fire artiklar undersøkte pasientane sine opplevingar om det å vera MRSA- smitta, og resulterte i fire emne: kunnskap, reaksjonar, kjensler og ivaretaking. Artikkelen som undersøkte sjukepleiarane sine opplevingar, knytt til det å gi omsorg til pasientar med MRSA, resulterte i fire tema: kunnskap, reaksjonar, kjensler og kvaliteten på sjukepleia. Oppsummering: Funn frå artiklane syner til mangelfull kunnskap om MRSA hjå sjukepleiarar, og då i særleg grad det som gjeld formålstenleg pasientinformasjon og rettleiing. Pasientane lid av det å vera smittsam, samt vert i møte med sjukepleiarar utsett for negative reaksjonar og haldningar. Dei sterke kjenslemessige reaksjonane pasientane opplever, syner kor naudsynt behovet deira er for eit medmenneske som forstår deira form for liding. I møtet med MRSA- smitta pasientar kan sjukepleiarar, med naudsynt kunnskap om MRSA og medviten om korleis liding kan utspela seg, kunne bidra til å lindre liding hjå den sårbare pasienten med MRSA. Nøkkelord: MRSA (meticillin resistent Staphylococcus aureus), sjukepleie, liding, pasientars oppfatningar, pasientars opplevingar.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.titleLindring av liding hjå pasientar med MRSA.nb_NO
dc.typeBachelor thesisnb_NO


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record