Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorLitlabø, Malene Taranger
dc.date.accessioned2017-05-30T11:38:28Z
dc.date.available2017-05-30T11:38:28Z
dc.date.issued2017
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2443845
dc.description.abstractBakgrunn: I mi sjukepleieutdanning har eg hatt praksis i heimesjukepleie. I denne praksisen erfarte eg å møte ulike brukarar og deira pårørande og fekk innsyn i korleis samarbeid mellom brukar, pårørande og offentleg helseteneste var på godt og vondt. Søk på internett i forbindelse med ei oppgåve gjorde meg oppmerksam på ein artikkel som hevda at brukarane møter i snitt 17 personar på fire veker. Dette gjorde med nyfiken på temaet og eg ønsker difor meir kunnskap om dette temaet for å ta kunnskapsbaserte val ved seinare utøving av omsorgshjelp. Problemstilling: «Korleis kan ein betre kontinuitet i pasientforlaup for personar med demens, som bur heime?» Oppgåva si hensikt: Hensikta med denne oppgåva er å belyse og auke kunnskapsnivået om kontinuitet i pasientforlaup for heimebuande personar som lid av demens. Metode: Oppgåva er ei systematisk litteraturstudie. Dei fire relevante artiklane eg fann er drøfta opp mot Kari Martinsen si omsorgsteori, mine eigne erfaringar og anna relevant teoretiske materiale. Resultat: Ved å presentere pasientar, pårørande og sjukepleiarar sine erfaringar kjem det tydleg fram at kontinuitet bygger på tre ulike faktorar: personkontinuitet, informasjonskontinuitet og organisatorisk kontinuitet. Felles for desse tre er at dokumentasjon, informasjon, kommunikasjon og relasjonsbygging er sentralt, samt god koordinering i helsetenesta for å sikre tilstrekkeleg tid og kvalitet på pleie. I tillegg kjem det tydlege fram at å lytte til både pasient og pårørande er naudsynt for å kartlegge hjelpebehovet og ønsker, og på den måten sikre kvalitet på pleie. Oppsummering: Samarbeid med god kommunikasjon og kunnskap om pasient og pårørande sin situasjon, samt god koordinering av helsetenesta, hjelper sjukepleiar til å sikre kontinuitet i pasientforlaupet. Nøkkelord: Demens, kontinuitet i pleie, sjukepleier erfaringar, pårørande, heimesjukepleienb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.titleKontinuitet i heimesjukepleie til eldre menneske med demensnb_NO
dc.typeBachelor thesisnb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel