Show simple item record

dc.contributor.authorHansen, Linn-Karin
dc.contributor.authorLerheim, Camilla Herland
dc.date.accessioned2017-05-19T10:44:39Z
dc.date.available2017-05-19T10:44:39Z
dc.date.issued2016
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2442894
dc.descriptionSk 152 Bachelor i sjukepleienb_NO
dc.description.abstractBakgrunn for val av tema: Når vi valde tema til bachelor bestemte vi oss på bakgrunn av at vi begge har vore i praksis på ein psykiatrisk klinikk ved ei rusavdeling. Ein av oss var på avrusingsavdeling, og ein av oss var på rehabiliteringsavdeling. Vi ser at det er eit viktig tema å belyse, og det er eit aukande problem i samfunnet. Gjennom praksis fekk vi erfare at det er vanskeleg å tilnærme seg, og å skape ein relasjon til pasientar med samtidig rus – og psykiatriske liding. Problemstilling: Kva betyding har det å skape ein god relasjon mellom sjukepleiar og pasientar med samtidig rus- og psykiatrisk liding? Framgangsmåte: Denne studia er ei systematisk litteraturstudie. Ved søk på databasar som Academic Search Elite, SveMed+ og Google Scholar har vi funne fram til 10 artiklar vi har analysert og nytta i oppgåva. Resultat og konklusjon: Vi ser gjennom fleire av forskingsartiklane at ein god og tillitsfull relasjon står sentralt, og er essensielt i behandling hjå pasientar med samtidig rus- og psykisk liding. Gode haldningar og utøving med respekt for heile mennesket er vesentleg for å skape ein god relasjon med pasientar. Eit godt samarbeid basert på ein god relasjon er viktig for å fremje motivasjon og håp til meistring i ein betringsprosess. Vi meiner at dersom samarbeidet mellom sjukepleiar og pasient inneheld kommunikasjon, tillit, respekt, mellommenneskeleg tilnærming og trygge rammer, kan det skape ein god relasjon, forutsett at den er gjensidig frå begge partar i samarbeidet.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.subjectrusnb_NO
dc.subjectpsykiske lidingarnb_NO
dc.subjectrelasjonarnb_NO
dc.titleRelasjonens betyding i møte med ROP-pasientarnb_NO
dc.title.alternativeKva betyding har det å skape ein god relasjon mellom sjukepleiar og pasientar med samtidig rus- og psykisk liding?nb_NO
dc.title.alternativeThe Significance of a Good Relationship when Caring for Patients with Dual Diagnosesnb_NO
dc.typeBachelor thesisnb_NO
dc.source.pagenumber26nb_NO


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record