Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorSægrov, Solveig
dc.contributor.authorAuganæs, Linda Helen
dc.date.accessioned2016-07-04T12:47:07Z
dc.date.available2016-07-04T12:47:07Z
dc.date.issued2016
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2395523
dc.descriptionBachelor i sjukepleie SK 152nb_NO
dc.description.abstractBakgrunn for val av tema: Å vurdere demente pasientar med tanke på smerte er utfordrande (McCaffery & Beebe, 1996, s. 236). I ein demensprosess vert evna til å forstå og gjere seg forstått utfordra (Wogn-Henriksen, 2008, s. 93). I praksis har eg opplevd at demens og smertelindring kan vere utfordrande, og meiner difor at dette er eit svært viktig tema å belyse. Problemstilling: Korleis kan ein som sjukepleiar bidra til å sikre god smertelindring til pasientar med demens på sjukeheim? Framgangsmåte: Litteraturstudie basert på fagleg og forskingsbasert kunnskap. Søk etter litteratur er utført i databasane ORIA, SweMed+, Academic search elite, Cinahl og MEDLINE. Oppsummering av funn: Det syner seg utifrå forsking at kunnskap om demens og smertelindring er sentralt i smertelindring til demente pasientar, i tillegg kan smertelindring redusere agitasjon og smerter hos pasientar med demens. Bruk av kartleggingsverkty for smerter synast å ha eit stort forbetringspotensiale. Forsking peikar også på at sjukeheimane slit med å få tak i fagfolk. Konklusjon: Å avdekke smerter hos demente som har vanskar med å utrykke seg, er utfordrande. For at ein som sjukepleiar skal kunne bidra til god smertelindring til demente pasientar, må ein bli betre på å aktivt nytte kartleggingsverkty for observasjon av smerte. I tillegg til dette, er det heilt essensielt å ha fagfolk på arbeid. Ikkje minst, er godt samarbeid med pasient, pårørande, lege og medarbeidarar heilt sentralt for å sikre god smertelindring til demente pasientar.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.subjectdemensnb_NO
dc.subjectsmertelindringnb_NO
dc.subjectsjukeheimnb_NO
dc.titleSmertelindring til pasientar med demensnb_NO
dc.title.alternativeEi litteraturstudie om korleis ein som sjukepleiar kan bidra til å sikre god smertelindring til pasientar med demens på sjukeheimnb_NO
dc.typeBachelor thesisnb_NO
dc.source.pagenumber24nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel