Kvardagsrehabilitering og fysisk aktivitet i heimen
Abstract
Bakgrunn for val av tema
Etter mi erfaring frå praksis i heimesjukepleia har eg sett mange eldre som både blir passivisert når
helsepersonell er til stades og ikkje får tilrettelagt noko form for aktivitetar i kvardagen. Eg har møtt
mange sjukepleiarar og studentar som er usikre på om det å leggje til rette for fysisk aktivitet og
ressursbruk blant eldre heimebuande er ein del av arbeidsområdet. Derfor har eg valt å gå djupare
inn på dette temaet
Problemstilling
Korleis kan ein som sjukepleiar fremje helsa til heimebuande eldre gjennom fysisk aktivitet?
Framgangsmåte
Eg har nytta ei litterær studie for å svare på problemstillinga. Ved å sjå på ny litteratur kan ein bli
meir oppdatert på kva som kan skape god praksis og eventuelt kva som er mangelfult. Det vert også
nytta forskingsartiklar og eigne erfaringar for å belyse mi problemstilling.
Oppsummering
Når talet eldre vil auke i tida framover er ein viktig tanke korleis eldre kan vere lengst moglig
sjølvhjelpt heime. Kvardagsrehabilitering vil vere eit sentralt tema innan helsefremjande arbeid, då
det handlar om å vektleggje personens helse og ressursar. I praksis kan det vere vanskeleg å utføre
kvardagsrehabilitering og fysisk aktivitet då heimesjukepleia er prega av tidspress, kunnskapsmangel
og ulike haldningar frå andre. Ved at sjukepleiarar har større fokus på dette temaet kan ein bli meir
bevisst på å nytte brukarens eigne ressursar. Det tverrfaglege samarbeidet vil også vere ein viktig
ressurs for sjukepleiaren.
Description
Bachelor i Sjukepleie
SK 152