«Utan mat og drikke duger helten ikkje»
Abstract
Bakgrunn: Underernæring medfører auka risiko for slitasje- og brotskader hos eldre. Det er sjukepleiaren sitt ansvar å kartlegge ernæringsmessig risiko, og gi pasienten individuelt tilpassa behandling. Det vil dermed vere hensiktsmessig å få innsikt i kva for sjukepleieintervensjonar som kan bidra til betre kartlegging og utreiing av underernæring, samt konkrete tiltak for å auke næringsinntaket til pasienten, og optimalisere næringssamansetjinga i maten.
Problemstilling: Korleis kan sjukepleiaren bidra til god ernæringsstatus for eldre pasientar på sjukehus?
Metode: Oppgåva er ein litteraturstudie basert på søk i medisinske databasar, samt gjennomgang av pensumlitteratur og nasjonale retningslinjer.
Konklusjon: God ernæringspleie bidrar til raskare mobilisering, færre postoperative komplikasjonar og dermed betre prognose for eldre ortopediske pasientar. Det er sjukepleiaren sitt ansvar å kartlegge ernæringsstatus, samt opprette ein individuell ernæringsplan for risikopasientar. Ein må ta omsyn til særskilte preferansar og behov hos den enkelte pasienten, og sørgje for aktiv involvering av pasienten i ernæringsbehandlinga. Det er behov for meir kunnskap om ernæring blant sjukepleiarar, som vil kunne føre til større engasjement for emnet, og betre formidling av kunnskap til pasienten. Ein ser også nytten av meir tverrfagleg samarbeid for å oppnå betre langtidsverknader. Oppgåva talar for at det bør leggjast meir vekt på ernæringsbehandling på ortopediske avdelingar.
Description
Bachelor i sjukepleie
SK 159