Å møte det framande
Bachelor thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2394111Utgivelsesdato
2016Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Bakgrunn: Det kjem stadig fleire immigrantar til Noreg, og desse snakkar ofte ikkje norsk. Korleis sjukepleiar kommuniserer med framandspråkelege vil derfor bli eit stadig meir aktuelt og viktig tema.
Føremål: Målet med denne oppgåva er å utforske korleis eg som sjukepleiar kan kommunisere med framandspråkelege pasientar, samt korleis denne kommunikasjonen kan gå føre seg på ein best mogeleg måte.
Problemstilling: Korleis kan sjukepleiar kommunisere med den framandspråkelege pasienten?
Metode: Denne oppgåva er gjort med eit litteraturstudium. Det er nytta seks forskingsartiklar, litteratur frå pensum, tilleggslitteratur som er knytt direkte mot problemstillinga, samt Joyce Travelbee sin sjukepleieteori.
Resultat: Sjukepleiarar opplever utfordringar i møte med pasientar som har eit anna språk, eller – kultur. Dei opplever også å ha inadekvat kulturell kompetanse. Pasientar som har immigrert har opplevd inadekvat informasjon frå helsepersonell, og å bli møtt med fordommar i helsevesenet. Sjukepleiar har ei plikt til å informere pasienten på ein tilpassa måte. Bruk av tolk kan vere essensielt for å kommunisere med pasientane på ein god måte.
Konklusjon: Det var funne fleire faktorar som er viktig for å kommunisere med den framandspråkelege pasienten på ein god måte. Desse er at sjukepleiar må setje av ekstra tid til å kommunisere med pasienten, skaffe tolk dersom det er naudsynt, vere bevisst på eigne stereotypiar og fordommar. Sjukepleiar må også vere bevisst på bruk av nonverbal kommunikasjon, og burde tileigne seg grunnleggjande kunnskap om pasientens kulturelle bakgrunn.
Beskrivelse
Bachelor i sjukepleie
SK 152