«Døden ventar, finst det fortsatt håp?»
Bachelor thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2394044Utgivelsesdato
2016Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Bakgrunn for val av tema
Eit spesielt møte med ein palliativ kreftpasient, i min praksis i kommunehelsetenesta, fekk meg til å innsjå kor viktig den eksistensielle komponenten i vår omsorg er. Gjennom undervisning i sjukepleieutdanninga, og nasjonale føringar, blir det sett søkelys på at helsetenester bør flyttast nærmare der folk bur. Pasientar med alvorleg sjukdom, og eit samansett sjukdomsbilete, vil trenge auka fokus frå sjukepleiar i heimetenesta i tida som kjem.
Problemstilling
«Korleis kan sjukepleiar ivareta eksistensielle behov hjå den palliative pasienten».
Framgangsmåte
Søk etter forsking er primært utført i forskingsdatabasen Academic Search Elite. Databasane Cinahl og Medline vart inkludert i desse søka. Det er også gjort eit søk i artikkelbasen SveMed+. Faglitteraturen er hovudsakeleg henta frå pensum. I søk etter supplerande faglitteratur er databasen «Oria» nytta.
Oppsummering av funn
Til tross for at mange palliative pasientar har behov for å ta opp eksistensielle tema, så viser forsking at mange sjukepleiarar ikkje legg til rette for desse samtalane. Fokus på den eksistensielle komponenten kan være avgjerande for å at pasientar opplever ei heilskapleg omsorg.
Beskrivelse
Sjukepleie, bachelorstudium
SK152