Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorSøreide, Hilde
dc.contributor.authorØvstetun, Dordi
dc.date.accessioned2016-06-24T09:12:41Z
dc.date.available2016-06-24T09:12:41Z
dc.date.issued2016
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2394035
dc.descriptionSjukepleie bachelorstudium SK 152nb_NO
dc.description.abstractBakgrunn for val av tema Det er kring 70 000 menneske med demens i Noreg i dag. Dette talet vil truleg doblast innan 2040. For å kunne møte det aukande talet personar med demens, er det viktig å ha gode retningslinjer og lovverk for korleis sjukepleiarar skal ta vare på dei, og då spesielt innanfor området bruk av tvang. Eg har jobba med personar med demens på sjukeheim som ferievikar og i praksis i løpet av studietida, og har opplevd nokre situasjonar der ein har brukt tvang. På bakgrunn av dette ynskjer eg kunnskap om korleis ein kan unngå tvang mot personar med demens i samband med personleg stell. Problemstilling: Korleis kan sjukepleiar unngå bruk av tvang mot personar med demens? Framgangsmåte: Studien er bygd opp av pensumlitteratur, anna litteratur, forskingsartiklar og rapportar. I søkeprosessen etter relevante forskingsartiklar nytta eg databasane SweMed+, Academic Search Premier og nettstaden til tidsskriftet ”Nursing Ethics”. Kvalitative forskingsartiklar er nytta for å gjera greie for problemstillinga. I tillegg er det nytta praksisretta litteratur som ”Demensplanen 2020”, ”Yrkesetiske retningslinjer for sykepleiere” og Lova om pasient- og brukerrettigheter kapittel 4A:” Helsehjelp til personer uten samtykkekompetanse som motsetter seg helsehjelp”. Konklusjon: Studien syner at bruk av tillitskapande tiltak og ulike kommunikasjonsteknikkar kan hindre bruk av tvang. Utifrå studien kan ein konkludere med at sjukepleiar har for lite kunnskap om korleis ein kan unngå bruk av tvang mot personar med demens. Det må difor bli meir fokus på dette i den framtidige sjukepleiarutdanninga.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.subjectdemensnb_NO
dc.subjecttvangnb_NO
dc.titleVer så snill, ikkje tving meg!nb_NO
dc.title.alternativeKorleis kan sjukepleiar unngå tvang mot personar med demens?nb_NO
dc.title.alternativePlease don’t force me!nb_NO
dc.title.alternativeHow can nurses avoid coercion with persons with dementia?nb_NO
dc.typeBachelor thesisnb_NO
dc.source.pagenumber19nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel