Show simple item record

dc.contributor.authorFalk, Nina Bjarnisdotter
dc.date.accessioned2016-04-04T12:41:21Z
dc.date.available2016-04-04T12:41:21Z
dc.date.issued2016-04-04
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2383786
dc.description.abstractBakgrunn for val av tema: Eg har erfart at rusavhengige pasientar ikkje mottek den same omsorgen hjå sjukepleiarar som andre pasientgrupper, og at sjukepleiarens haldning til disse ber preg av negative stereotypiske1 oppfatningar og lite villighet til å sjå pasienten som eit likeverdig menneske. Eg ynskjer å belyse dette, finne ut kvifor det er slik og kva ein kan gjere for å endre det. Problemstilling: Kva haldningar pregar sjukepleiarens møte med rusavhengige pasientar i somatiske sjukehusavdelingar, kva konsekvensar har disse for pasientane og korleis kan ein oppnå likeverdig sjukepleie til denne pasientgruppa? Oppgåvas hensikt: Å belyse kva som pregar sjukepleiarens haldning til denne pasientgruppa og kva konsekvensar dette har, samt få meir kunnskap om bakgrunnen og kva tiltak som kan bidra til at pasienten får likeverdig sjukepleie. Metode: Oppgåva er ei litteraturstudie, med hovudvekt på forskningsartiklar som er funnet gjennom CINAHL og sykepleien.no. Eg har nytta søkeorda «Nurse attitudes», «Substance abuse», «Health care», «Drug users», «Generic health care», «Nurses perception», «Health services», «Drug addicts», «Equality», «Nursing», «Nurse», «Medical wards» og «rus». Ut frå desse fann eg fire forskningsartiklar som eg, saman med teori og eigne erfaringar, belys og drøftar temaet mitt opp mot. Resultat: Litteraturen visar at sjukepleiaren er prega av ei negativ haldning til den rusavhengige pasienten og at denne påverkar sjukepleien ho gir. Haldningane bunnar i for dårleg kunnskap og forståelse hjå sjukepleiaren. Det er viktig å auke kunnskapen og forståelsen for rusavhengighet samt å vektlegge den mellommenneskelege relasjonen mellom pleiar og pasient for å oppnå likeverdig sjukepleie til denne pasientgruppa.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.subjectSykepleienb_NO
dc.titleLikeverdig sjukepleie – men ikkje til deg : Om haldningar og sjukepleie til den rusavhengige pasienten.nb_NO
dc.typeBachelor thesisnb_NO


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record