Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorNordfonn, Oda Karin
dc.date.accessioned2015-10-07T05:53:57Z
dc.date.available2015-10-07T05:53:57Z
dc.date.issued2015-10-07
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2353111
dc.description.abstractFormål: Teknologien er i dag i ei rivande utvikling. Ny og smartare teknologi er tilgjengeleg for allmennheita i eit overkommeleg prisnivå og denne studia, knytt til teknologi og helseoppleving, er interessant for framtidig bruk av teknologi som hjelpemiddel. Studia søkjer kunnskap om korleis ulik teknologi i heimen påverkar helseopplevinga til unge personar med funksjonsnedsetting. Problemstilling: Korleis påverkar teknologi i heimen helseopplevinga hjå unge personar med funksjonsnedsetting? Val av metode: Dette er ei casestudie av ein ung person som bur i eit eldre hus med gamal teknologi og som byggjer nytt husvære med nyare teknologi. Studia inkluderer 5 informantar kor det har vore gjort djupneintervju, deltakande observasjon og innsamling av fysiske artefakter. Resultat: Studia viser at unge personar med funksjonsnedsetting opplever gamal teknologi som eit hinder i dagleglivet og at det vert ei oppleving av liding og u - helse fordi teknologien forsterkar funksjonsnedsettinga. Likevel kjem det fram at det er eit helse-håp i den nye teknologien som finnes og eit håp om at livet kan bli enklare og lettare. Det kjem også fram at den unge personen har ein appell til systemet i Hjelpemiddelsentralen og at det er ei etisk fordring til Hjelpemiddelsentralen om å ta deira ynskjer og behov på alvor. Slik hjelpemiddeltildelinga er lagt opp i dag er det ikkje høve til å ta i bruk smartare teknologistyring på grunn av anbudsfinansierings – ordninga. Dette påverkar helseopplevinga til den unge.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.titleHelse @ HOME! Eit casestudie av eit ungt menneske med funksjonsnedsettingnb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel