Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorSøvik, Kjersti
dc.date.accessioned2014-10-13T11:32:42Z
dc.date.available2014-10-13T11:32:42Z
dc.date.issued2013
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/223609
dc.descriptionMR690 masteroppgåve i organisasjon og leiing Oktober 2013nb_NO
dc.description.abstractKunnskapsdepartementet forventar at skulane lokalt skal fungere som gode profesjonsfellesskap der lærarar skal samarbeide om planlegging, gjennomføring og vurdering av opplæringsarbeidet, for sjølv å lære. Skuleleiarar er merksame på krava, men har hatt liten tilgang til forskingsbasert kunnskap om korleis dei kan organisere slik skuleutvikling effektivt. TALIS-undersøkinga i 2009 fann at norske ungdomsskulelærarar respekterer kvarandre sin autonomi i klasseromspraksis og har lite profesjonelt samarbeid, konsekvens er at venta profesjonell utvikling ikkje skjer. Irgens (2010) har påpeika at forholdet mellom løpande drift og utvikling, og spenningsfeltet mellom individuell og kollektiv arbeidsutøving i skulane, er lite forska på. Målet for denne studien er å få større innsikt kring kva som kjenneteiknar samhandlingsformer i pedagogisk utviklingsarbeid og få forståing for korleis desse blir opplevd av lærarar og skuleleiarar. Tre skuleleiarar og fire lærarar ved tre ulike skular er vald ut og intervjua individuelt i tråd med metodikk for innsamling av kvalitative data. Resultatet viser kjenneteikn kring organisering av sjølve samhandlingsformene som spelte inn i høve korleis dei vart opplevd. Dette var kjenneteikn som formål, leiing, arbeidsmåte, tal deltakarar, tid og fysiske rammer. Ut frå slike kjenneteikn ser det ut til at faste læringsgrupper med fem til sju medlemer vart opplevd som særs god samhandlingsform i høve utviklingsprosessar. Kjenneteikn ved skulen som organisasjon ser også ut til å ha stor innverknad på om samhandling vart opplevd som eigna til pedagogisk utvikling. Dette er om fagmiljøet sjølv har ambisjonar som læringskollektiv, om skulen har tydelege forventingar til læraren sin kompetanse og evne til samhandling, skuleleiinga sin dugleik og legitimitet i høve organisering av samarbeidet og at lærarane bidreg aktivt i utviklingsarbeid. I lys av funna ser det ut til at berre ein av skulane hadde funne balanse mellom drift og utvikling og hadde utvikla ein kollektiv autonomi som fungerte som ei ramme kring den einskilde læraren. Kunnskap om desse tre skulane si samhandling vil vonleg gje skuleleiarar noko hjelp til å organisere løpande pedagogisk utviklingsarbeid i skulen.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.subjectsamhandlingnb_NO
dc.subjectsamhandlingsformernb_NO
dc.subjectpedagogisk utviklingsarbeidnb_NO
dc.subjectlærerkollektivnb_NO
dc.titleSamhandling mellom lærararnb_NO
dc.title.alternativeCollaboration between teachersnb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.source.pagenumber104nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel