Å leie med ei open dør: Å vera leiar i hovudet og sjukepleiar i hjarta
Abstract
Dei siste ti åra har ein hatt ei utvikling i kommunal sektor kor ein har sett ein auke i brukarar og det blir utført meir avansert pleie i kommunane enn tidlegare. Dette fører til at avdelingssjukepleiaren har fått fleire tilsette å forholda seg til og arbeidet deira er blitt meir kompleks og utfordrande.
Denne studia prøver å finne ut av korleis sjukpleiaren lærer seg å bli leiar og korleis dei går ifrå å vera fyrstegangsleiarar til å bli erfaren. Vidare tek studia føre seg korleis sjukepleiaren kombinerer faget sitt med leiarrolla og prøvd å finne kva for eigenskaper ein avdelingssjukepleiar bør ha for å bli ein dyktig og effektiv leiar. Det å vera avdelingssjukepleiar i kommunal sektor er arbeidskrevjande og dei har ein
travel kvardag. I den forbindelse har ein prøvd å finne ut kva som gjer at dei held ut å vera leiarar og kor dei finn energien sin ifrå.
Studia har ei kvalitativ forskingstilnærming, og datasamling byggjer på halvstrukturerte intervju av sju avdelingssjukepleiarar i tre ulike kommunar.
Funna i studia viser at avdelingssjukepleiaren lærer best gjennom erfaringbasert læring, og den beste læringa skjer dersom den blir kombinert med refleksjon over eigen utøving av leiing, helst saman med andre som er i liknande situasjon. Avdelingssjukepleiaren har opparbeida seg ei eiga rolle der dei integrerer fagrolla si som sjukepleiar inn i leiarrolla. Dei har spesielle eigenskaper som kan vera i
samsvar med det å vera ein effektiv og god leiar. Dei får noko energi gjennom privatlivet sitt, men den beste energien finn dei ved å utføre sjukepleieoppgåver og ved å få ting til saman med dei tilsette på arbeidsplassen sin.