Berusande ungdomstid
Abstract
I ungdomstida skjer det store endringar. Det er mykje å forhalde seg til for den enkelte når det gjeld vennar, familie og det å utforske nye ting. Helsepersonell må fokusere på at den enkelte skal føle meistring gjennom sin diabetes, og utfordringane ein kan møte på i ungdomstida når det gjeld alkohol. For at sjukepleiar skal ha forståing for korleis ungdommen tenker og handlar i ungdomstida, er det viktig å ha kjennskap til Lazarus og Folkman sin meistringsmodell. Vi som sjukepleiarar må hjelpe og veilede den enkelte til å få best mogleg strategi saman med alkohol, slik at den enkelte får best mogleg forutsetnad for framtida.