Kva er viktige risikofaktorar knytt til ungdom og rus, og korleis kan ein som sosialarbeidar jobbe rusførebyggjande med ungdom?
Bachelor thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/196874Utgivelsesdato
2014Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
I denne oppgåva vil eg skrive om ungdom, rus og førebygging. Rusførebygging ser eg som særs viktig, då ungdommar er i ein utforskande fase i livet og nokre av dei er meir utsett for å la rusen bli ein større del av livet enn andre. Bruken av rusmiddel har utvikla seg mykje i moderne tid. I dagens samfunn blir alkohol sett på som ein markør i overgangen frå ung til vaksen (Fekjær, 2011). Dette inneber at alkohol på mange måtar er ein naturleg del av oppveksten. Likevel blir dette rusmiddelet brukt på veldig mange ulike måtar, og for mange er det starten på ein langvarig rusmiddelavhengighet. Kva faktorar er det som gjer at nokre er meir utsett for å få eit rusproblem enn andre? Dette er eit spørsmål som interesserar meg særs mykje, og eg ønskjer å setje meg djupare inn i korleis ein som sosialarbeidar kan hjelpe desse utsette ungdommane til å la rusmidla ligge.
Debutalder for alkohol var i 2009 15-15,5 år (SIRUS-Rapport 5/2009). Dette er ein ung alder, og ungdommane er i ein overgangsfase frå ungdomsskule til vidaregåande skule. Her finn dei seg i eit miljøskifte og kan vere meir sårbar enn elles. Ungdommane treng eit stabilt nærmiljø med gode førebyggjande tiltak.
Med utganspunkt i dette har eg kome fram til følgjande problemstilling:
Kva er viktige risikofaktorar knytt til ungdom og rus og korleis kan ein som sosialarbeidar jobbe rusførebyggjande med ungdom?
Beskrivelse
Sosialt arbeid
BSV5-300
Mai 2014