Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorMoss, Camilla Sandsøy
dc.date.accessioned2014-04-04T07:59:31Z
dc.date.available2014-04-04T07:59:31Z
dc.date.issued2014-04-04
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/193808
dc.description.abstractBakgrunn for val av tema: Gjennom eigen praksis har eg erfart at musikk kan ha positive innverknader hos pasientar råka av demens. Dette synes eg er interessant og meiningsfult, og derfor noko eg ville fordjupe meg i. Problemstilling: «Korleis kan sjukepleie gjennom musikk stimulere til kommunikasjon med demente pasientar i sjukeheim?» Oppgåvas hensikt: Hensikta med oppgåva er å få auka kunnskap om korleis musikk kan nyttast i demensomsorga med mål om å stimulera kommunikasjon. Kommunikasjonsferdigheitar er viktige i sjukepleieyrket. Grunna den kognitive svikten demens medfører, kan det være naudsynt å finne alternative kommunikasjonsformer. Metode: I dette litteraturstudiet vart det søkt i databasane; CINAHL, ProQuest og Medline. Søkeorda som vart nytta var ˮnursing, dementia, music, patient nurse relation, nursing home/care home og communicationˮ. Totalt fem forskingsartiklar vart på bakgrunn av søka inkludert i denne oppgåva. Resultat: Det går att i forskinga at musikk viser seg å ha positiv effekt på demente pasientar i sjukeheim. I tillegg til å vera ein god måte å skape gjensidig kommunikasjon, har musikk også mellom anna, effekt på humøret og talet episodar med utagerande åtferd hos dei demente. Sjølv om helsepersonell i hovudsak har positive haldningar til bruken av musikk, manglar ein i stor grad kunnskapen som skal til for å implementere og systematisk nytta musikk i demensomsorga. Oppsummering: Musikk i ulike format viser seg å ha god effekt i det å fremma og kommunikasjon mellom pleiar og pasient. Kommunikasjon er essensielt for å kunne gi god omsorg til den demente. Musikk er ein enkel og billig intervensjon som tilsynelatande ikkje har nokon farlege biverknader. Nøkkelord: Musikk, demens, kommunikasjon, sykehjem, omsorgnb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.subjectSykepleienb_NO
dc.titleMusikk i demensomsorga: Ein nøkkel til kommunikasjon?nb_NO
dc.typeBachelor thesisnb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel