Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorJohansen, Kristine Hovstad
dc.date.accessioned2014-04-04T07:08:58Z
dc.date.available2014-04-04T07:08:58Z
dc.date.issued2014-04-04
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/193776
dc.description.abstractBakgrunn for val av tema: Gjennom praksis og jobb har eg møtt mange pasientar med afasi. Mi erfaring er gjerne at sjukepleiarane ikkje har nok kunnskapar om korleis ein kommuniserer med denne pasientgruppa. Hjerneslag og afasi er ein tilstand som rammar brått, og desse personane må lære å leve med ein ny kvardag. Eg ynskjer difor å tilegne meg kunnskapar om korleis ein best kommuniserer med personar med afasi og korleis dette kan bidra til meistring. Problemstilling: Korleis kan sjukepleie gjennom hjelpande kommunikasjon bidra til at pasientar med afasi meistrar den nye kvardagen. Oppgåvas hensikt: Oppgåvas hensikt er å sjå på nyare forsking og drøfte dette opp mot teori for å få meir kunnskapar og sjå nye sider ved å skulle kommunisere med personar ramma av afasi, samt få meir innsikt i temaet, slik at eg sjølv står betre rusta til å møte afasiramma i min vidare karriere som sjukepleiar. Metode: Oppgåva byggjer på ein systematisk litteratur studie. Databasane Ovid Nursing, CINAHL og engelske søkjeord er nytta for å finne relevante forskingsartiklar. På bakgrunn av utførte søk vart fem artiklar valde. Presentasjon og kritikk av artiklane er lagt fram, før dei seinare vert drøfta i lys av teori og erfaring. Resultat: Resultata viser både positive og negative sider ved dette temaet. Det viser til ei sårbar pasientgruppe avhengig av kyndig helsepersonell som kan hjelpe dei gjennom krise. I forskinga peikar sjukepleiarane på relasjonen som viktig for å forstå den enkelte pasient. Dette vert og verdsett av pasientane, i tillegg til faktorar som tid, informasjon, støtte, sosial kontakt, berøring, verdigheit og respekt. Det er gjennom ein god relasjon at kommunikasjonen fungerer. Først då kan ein forstå kvarandre og den einskilde pasient sine behov bli identifisert. Det kjem og fram av resultata at ikkje alt lar seg like lett gjennomføre i praksis. Oppsummering: Ved ein endra livssituasjon er det eit klart behov for mestring. Kva dette inneber vil vere individuelt. Gjennom den hjelpande kommunikasjonen må sjukepleiaren opparbeide relasjon, kommunisere, oppnå forståing og sjå den einskilde pasienten.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.subjectSykepleienb_NO
dc.titleHjelpande kommunikasjon til pasientar med afasinb_NO
dc.typeBachelor thesisnb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel