Multippel Sklerose og meistring
Abstract
Bakrunn for val av tema: Oppgåva omhandlar sjukdommen MS. I Norge er det anslagsvis 8000 personar som lever med MS, og antall nye tilfelle kvar år er cirka 300. Statistikk viser at ein tredjedel av alle MS-ramma får varig uførhet og vil trenga hjelp i dagleglivet (Myrvang 2010,s.21). Dette er altså ei pasientgruppe vi som sjukepleiarar møter på., anten i institusjon eller i heimesjukepleia.
Problemstilling: «Korleis kan sjukepleiar bidra til at heimebuande pasientar med MS opplev mestring?»
Oppgåvas hensikt: Hensikta med oppgåva er å få auka kunnskap om både sjukdommen og korleis den rammar pasienten, og kva vi som sjukepleiar kan gjer for å at pasienten skal oppleva meistring.
Metode: Oppgåva er ei litteraturstudie, der relevant litteratur og forsking for problemstillinga er nytta.
Resultat/Oppsummering: For at den heimebuande MS-pasienten skal oppleva meistring, er det viktig at sjukepleiar har fokus på blant anna haldningar, kommunikasjon, kunnskapsbasert praksis, tverrfagleg samarbeid og nettverk.
Nøkkelord: Søkeorda som vart nytta var MS, MS disease, Multiple Schlerosis disease, home care service, home nursing, coping, chronic illness, mobility, self-management.