Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorFylkesnes, Martha Nesse
dc.date.accessioned2014-04-02T09:03:17Z
dc.date.available2014-04-02T09:03:17Z
dc.date.issued2014-04-02
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/193556
dc.description.abstractBakgrunn: I 2011 var det 11.049 menneske som døydde av kreftsjukdom. Forsking tydar på at antal kreftpasientar vil auke i Noreg i åra framover. Fleire av desse vil ha behov for sjukepleie ved livets sluttfase. Denne pasientgruppa kan møte utfordringar knytta til sjukdomen og dauden. Ei viktig sjukepleieoppgåve kan vere å hjelpe pasienten til å oppretthalde og fremje håp. Problemstilling: Kva er betydinga av håp hjå palliative kreftpasientar, og korleis kan sjukepleie fremje håp i livets sluttfase? Føremål: Utforske meir kunnskap i betydinga av håp hjå kreftpasientar i palliativ fase og korleis sjukepleie kan fremje håp. Metode: Oppgåvas metode er ein systematisk litteraturstudie. Det er samla inn data frå fire forskingsartiklar, som er funnen i to ulike databasar. Teori er innhenta frå relevante artiklar, pensumlitteratur samt anna relevant litteratur. Resultat: Pasientar kan oppleve håp ved at sjukepleiar blant anna er høfleg, vennleg, i stand til å le med dei og vise omsorg. Informasjon og støttesamtale til den einskilde familie vedrørande deira behov, vert sett på som viktig for å hjelpe pasient og pårørande med å meistre og leve med alvorleg sjukdom. Pasientar har ulike prosessar for å bevare håpet, og må ofte ha fokus både på å fortsetje livet og førebu seg på dauden. Å kommunisere med andre om dauden og vere open om eigne tankar er med på å oppretthalde håp. Sjukepleiarar som arbeidar med pasientar med alvorleg sjukdom som kreft bør lytte nøysamt til pasienten. Oppsummering: Oppgåva synar at håp er av stor betyding hjå palliative kreftpasientar og at det er fleire faktorar som bidrar til å fremje håp. Desse faktorane kan påverkast av sjukepleie, til dømes gjennom kommunikasjon, både verbalt og nonverbalt. Fleire pasientar har eit ønskje om å få avslutte livet heime. Ei sjukepleieoppgåve er å møte pasienten uavhengig om håpet er realistisk eller ikkje, og vurdere saman med pasient og pårørande kva som er beste løysing. Nøkkelord: Håp, palliativ sjukepleie, heimesjukepleie, kreft.nb_NO
dc.language.isonobnb_NO
dc.subjectSykepleienb_NO
dc.titleHåpets betyding i livets sluttfasenb_NO
dc.typeBachelor thesisnb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel