Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorEkre, Silje
dc.date.accessioned2014-04-02T08:59:33Z
dc.date.available2014-04-02T08:59:33Z
dc.date.issued2014-04-02
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/193554
dc.description.abstractBakgrunn for val av tema: I Noreg har mellom 8 – 10.000 personar stomi. Studiar peikar på at pasientar opplev problem knytt til seksualitet etter ein stomioperasjon. Tidlegare studiar viser også at sjukepleiarar og anna helsepersonell unnlet å snakke om seksualitet i forbinding med rehabilitering etter stomioperasjonar. Problemstilling: «Kva utfordringar opplever den stomiopererte pasienten knytt til eiga seksualitet, og korleis kan sjukepleiar bidra til å fremje meistring hjå desse pasientane?» Oppgåvas hensikt: Hensikta med oppgåva er å belysa kva utfordringar den stomiopererte pasienten møter knytt til si eiga seksualitet, og kva rolle sjukepleiar kan spele i forhold til å meistra desse utfordringane. I tillegg ynskjer oppgåva å retta fokus på eit tema som er relevant for sjukepleieyrket, men som ofte ikkje vert prioritert, eller vert oversett. Metode: Oppgåva er eit litteraturstudie. Dei helsefaglege databasene CINAHL og Ovid Nursing er nytta i søket etter relevant forsking. Det er lagt vekt på søkjeorda «ostomy», «stoma», «sexuality», «coping» og «nursing». Fem aktuelle forskingsartiklar, samt ein fagartikkel er funne i søket. Alle artiklane er frå etter 2005. Resultat: Studiar visar at stomi har ei negativ innverknad på livet og påverkar på fleire områder. Seksuelle utfordringar er knytt til både psykiske og fysiske faktorar, og vert påverka mellom anna av eit endra kropps-og sjølvbilete. Fleire stomipasientar saknar informasjon og mogelegheit til å diskutere seksuelle problemstillingar med sjukepleiarar. Funn visar at det å diskutere seksualitet med pasienten framleis er utfordrande og vanskeleg for sjukepleiarar. Oppsummering: Fleire pasientar har bekymringar kring seksualitet og seksualliv etter ein stomioperasjon. Pasientane kjenner seg uattraktive og fryktar for lekkasje, lukt og lyd frå posen, noko som påverkar seksualiteten. Forskinga peikar på at sjukepleiarar opplever ei ansvarskjensle når det gjeld å diskutere seksualitet med pasienten, likevel visar det seg at dei fleste sjukepleiarane ikkje tek seg tid til å samtale med pasienten om emnet. Sjukepleiarane uttrykkjer at dei har for lite kunnskapar, at dei ikkje kjenner seg komfortable til å ta opp temaet og at tabuførestillingar gjer det vanskeleg å diskutere seksualitet med pasienten. Nøkkelord: Stomi, seksualitet, meistring, sjukepleienb_NO
dc.language.isonobnb_NO
dc.subjectSykepleienb_NO
dc.titleStomi, seksualitet og meistringnb_NO
dc.typeBachelor thesisnb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel