Parkinsons sjukdom: Mennesket bak tremoren
Bachelor thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/151177Utgivelsesdato
2013-05-08Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Bakgrunn: Det er årleg mellom 15 og 20 av 100.000 innbyggjarar som vert ramma av Parkinsons sjukdom. Sjukdommen er kronisk og progressiv og gjev pasienten båe fysiske og psykiske symptom, noko som gjer hjelpebehovet til denne pasientgruppa stort. (Herlofson & Kirkevold, 2012). Det vil på bakgrunn av dette vera viktig i sjukepleiepraksis å veta korleis ein på best mogleg måte kan møte denne pasientgruppa.
Hensikta med oppgåva: Å auka kunnskapa om og forståinga for korleis ein som sjukepleiar kan møte pasientar med Parkinsons sjukdom og psykiske vanskar.
Problemstilling: ”Korleis kan ein som sjukepleiar møta pasientar med Parkinsons sjukdom og påfølgjande psykiske vanskar?”
Metode: Metoden som er nytta i oppgåva er litteraturstudie, der data frå eksisterande litteratur og forsking er nytta for å støtta opp om problemstillinga.
Resultat: Funna frå dei anvendte forskingsartiklane og litteraturen viser at det i møte med pasientar med Parkinsons sjukdom og påfølgende psykiske vanskar vil vera viktig å skapa ein god relasjon til pasienten, der medkjensle, støtte, kartlegging av psykiske symptom og pasient deltaking står sentralt. Ved å anvende slike sjukepleietiltak i møte med denne pasientgruppa viser funna at pasienten sin psykiske tilstand vil verta tydeleg betra.