Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorHallaråker, Torill
dc.date.accessioned2013-05-07T10:49:37Z
dc.date.available2013-05-07T10:49:37Z
dc.date.issued2013-05-07
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/151159
dc.description.abstractBakgrunn Kreft tek årleg omlag 10 000 liv, og berre i 2010 vart det oppdaga 28 271 nye tilfeller av sjukdomen (Kreftregisteret, 2013). Å oppleve kreftsjukdom vil for mange pasientar vera eit trugsmål mot håp, og håpløyse kan oppstå. Sjukepleiar må difor ha kunnskap knytt opp mot faktorar som kan bidra til å oppretthalde og gjenvinne pasientens håp, og i palliativ fase. Travelbee (1999, s 117) seier at håpet er ein prosess som gjer den sjuke motivasjon. Problemstilling Korleis kan sjukepleiar fremje håp hos kreftpasient i palliativ fase. Føremål Føremålet med oppgåva er å tilegne seg auka kunnskap i samband med faktorar som kan bidra til å fremje håp hos kreftsjuke i palliativ fase. Metode Oppgåva er ei litteraturstudie. Resultat Funna som vert vektlagde i oppgåva er kommunikasjon, tillit, respekt og relasjonar med andre. Sjukepleiar må frå første møte med pasienten i heimen formidle eit ønskje om å gjere seg fortent pasienten sin tillit. Dette vil kunne bidra til betre flyt i kommunikasjon, som er ein sentral faktor for å kunne fremje håp. Å vise at ein er tilstades for pasienten, og at ein lyttar når pasienten kjenner behov for det, er viktige eigeskapar hos sjukepleiar for å kunne fremje håp. Samtidig må pasienten få ytre eigne ynskjer og meiningar. Oppsummering Sjukepleiar kan ikkje gi pasienten håp, men gjennom samhandling med pasienten kan sjukepleiar likevel bidra til å styrkje pasientens håp. Dersom ein som sjukepleiar har kunnskap knytt opp mot faktorar som fremjar håp hos kreftsjuke, kan ein gjere ein forskjell for denne pasientgruppa. Nøkkelord: Kreft, palliativ pleie, håp, hjemmesykepleieno_NO
dc.language.isonnono_NO
dc.subjectSykepleieno_NO
dc.subjectStordno_NO
dc.titleHåp i livets sluttfaseno_NO
dc.typeBachelor thesisno_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel