Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorLande, Martha Nygård
dc.date.accessioned2013-05-07T08:54:55Z
dc.date.available2013-05-07T08:54:55Z
dc.date.issued2013-05-07
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/151153
dc.description.abstractTittel: Tid og tillit. Å førebyggja underernæring hos heimebuande demente. Bakgrunn for val av tema: Underernæring er eit alvorleg problem, og eldre, einslege og demente er blant dei som er mest utsett. Særleg for demente som bur heime åleine, kan dette vera vanskeleg, sidan dei ikkje hugsar om dei har ete, og dei kan ha vanskar med å sjå at dei treng hjelp. Problemstilling: Korleis kan sjukepleiar førebyggja underernæring hos demente som bur heime? Hensikt med oppgåva: Med å skriva denne oppgåva ynskjer eg å få fram korleis sjukepleiar kan hjelpa demente som bur heime, til å få i seg nok og næringsrik mat. Metode: Denne oppgåva er ein litteraturstudie. Dei endelege søka vart gjort i CINAHL, Ovid Nursing og Sykepleien Forskning, der flest søkeord var demens/dementia, heimesjukepleie/home nursing og underernæring/malnutrition. To av studiane var gjennomført i Noreg, to av dei i Sverige, og den femte var i frå Canada. Den eldste studien er i frå 2006, medan dei andre er i frå 2010 og 2011. Resultat: Hovudfunna i dei fem artiklane, er at demente som bur heime helst vil greie seg sjølv og vera sjølvstendige. Men underernæring kan verta eit problem for den pasientgruppa. Sjukepleiar må sørgje for å få pasienten sin tillit, slik at pasienten vert trygg i relasjonen. Sjukepleiarar må sjå kvar einskild sine behov og vurdera deira behov for næringsrik mat. Kunnskap om ernæringsarbeid, kontinuitet i arbeidet, dokumentasjon og rutinar for å sikra pasienten ein god ernæringstilstand er ting som vert trekt fram i studiane. Oppsummering: For å sikra ei tilfresstillande ernæring, må sjukepleiarar bruka god tid i lag med den demente pasienten, og særleg i byrjinga når ein skal opparbeida ein god relasjon, og pasienten skal verta trygg på den som kjem og skal hjelpa. Kommunikasjon er viktig i arbeidet med å skapa god tillit. Når ein kjem heim til pasienten for å hjelpa til med måltid, må ein passe på at det vert gjort på ein slik måte at pasienten får ivaretatt sjølvkjensla og integriteten sin. For å sikra pasienten ei god og rett behandling, må det vera eit godt samarbeid mellom sjukepleiar og pasient, men også mellom sjukepleiarane som er heime hos den demente, og dokumentasjon og observasjon er avgjerande i arbeidet.no_NO
dc.language.isonnono_NO
dc.subjectSykepleieno_NO
dc.subjectStordno_NO
dc.titleTid og tillit: Å førebyggja underernæring hos heimebuande dementeno_NO
dc.typeBachelor thesisno_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel