Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorHovland, Sunniva
dc.date.accessioned2013-05-07T10:53:33Z
dc.date.available2013-05-07T10:53:33Z
dc.date.issued2013-05-07
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/151147
dc.description.abstractTittel: Seeds of hope, blossoms of meaning Bakgrunn for val av tema: Gjennom utdanninga mi har eg møtt fleire menneske med kronisk invalidiserande sjukdom som synes å ha mista håpet. Eg har kjent meg hjelpelaus i desse møta, og ynskjer å få kunnskap i kva håpet betyr, og kva ein som sjukepleiar kan gjere for å bidra til å fremme håp. Problemstilling: “Kva er håp for menneske med invalidiserande kronisk sjukdom, og kva kan sjukepleiaren gjere for å fremme håpet?” Oppgåvas hensikt: Hensikta med denne oppgåva er å få auka kunnskap om håp og håpets betyding for menneske med invalidiserande kronisk sjukdom, samt å setja fokus på eit tema eg meiner er særs viktig i sjukepleieyrket. Metode: Oppgåva er eit litteraturstudie, kor eg har søkt etter forsking i databasar som CINAHL og Embase. For å finne relevante studiar brukte eg søkeora “hope”, “nursing support”, “promote”, “meaning”, “loss”, “MS”, “ALS” og “supportive care”. På bakgrunn av dette enda eg opp med å inkludere fire forskingsartiklar. Desse vert presentert i oppgåva, og seinare drøfta opp mot anna teori og eigne erfaringar. Resultat: Det kjem fram i forskingsartiklane at håpet vert viktig for ein etter å ha vorten diagnostisert med alvorleg sjukdom. Faktorar som fremmer og hemmar håp vert nemnde, og deltakarane legg vekt på at sjukepleiarane må kjenne til desse. Det kjem òg fram at pasientane har behov for at sjukepleiaren ser dei, og bryr seg. Å bygge ein god relasjon, og verte kjend med kvar enkelt vil føre til at sjukepleiaren kjenner individuelle håps-fremmande faktorar, noko som igjen vil auke sannsynet for at pasienten opplev håp. Oppsummering: For dei som har vorten råka av ein invalidiserande kronisk sjukdom, framstår håp som eit viktig fenomen. Å klare å behalde håpet gjennom sjukdom og liding vil føre til auka meistring og betre livskvalitet. Det viser seg at håpet endrar betyding ut i frå kvar ein er i sjukdomsprosessen, og at sjølv døyande pasientar kan oppleve håp på dødsleiet. Ved å ha kunnskap om håp og håpets betyding, vil sjukepleiaren kunne bidra til at pasientane ikkje opplever sorg og håpløyse.no_NO
dc.language.isonnono_NO
dc.subjectSykepleieno_NO
dc.subjectStordno_NO
dc.titleSeeds of hope, blossoms of meaningno_NO
dc.typeBachelor thesisno_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel