Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorSæbø, Kristine
dc.date.accessioned2013-05-07T08:43:54Z
dc.date.available2013-05-07T08:43:54Z
dc.date.issued2013-05-07
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/151141
dc.description.abstractTittel: Omsorg til palliative kreftpasientar Bakgrunn: Kreft står i gjennomsnitt for kring 20% av årlege dødsfall i Noreg, og er difor den sjukdommen som krev mest liv, etter hjarte- og karsjukdommar. Tendensen dei siste åra er at pasientar som lir av ein eller anna form for kreft er aukande. Dette gjer det naturleg å spørje seg korleis kreftpasientar opplev kjensla av ein god død. Problemstilling: Kva er ein ”god død” for kreftpasientar, og kva ynskjer pasientane i omsorga? Hensikt: Å få ei djupare forståing for kreftpasientar sine eigne erfaringar og ynskjer frå den palliative pleia, og på denne måten få betre kunnskap om korleis helsepersonell kan yte god sjukepleie til denne pasientgruppa. Metode: Oppgåva er ei litteraturstudie. Det er gjort søk i databasane CINAHL og Ovid Nursing med hovudvekt på søkeorda: Cancer Patient, End-of-life, Death og Nursing. Studia som vert nytta er frå år 2006 til 2012. Det er brukt fire artiklar, der tre av desse er basert på studie utført i Skandinavia. Resultat: Forsking visar at det er enkelte faktorar kreftsjuke pasientar verdset meir enn andre, i det dei skal forklare kva som gjer deira situasjon enklare å møte. Desse faktorane inkluderar 1) håp, 2) ansvar, 3) å leve i augneblinken, 4) å verte sett. Likevel visar studia også til at pasientar kjenner angst, kroppsleg svikt og einsemd, samt det å vere avhengig av andre. Oppsummering: Sjukepleiar har ei viktig oppgåve overfor palliative kreftpasientar. Forsking visar at enkelte faktorar ser ut til å vege tyngre enn andre hjå slike pasientar, i det augeblikk dei skal forklare kva dei meiner gjer deira liv lysare og lettare å leve. Forskingsstudia visar til ulike faktorar hjå deltakarane. Individuell pleie er difor viktig i møte med slike pasientar. Samstundes er det viktig å utføre generell sjukepleie, på ein god og omsorgsfull måte. Nøkkelord: Palliativ pleie, kreftpasientar, omsorg, individuell pleieno_NO
dc.language.isonnono_NO
dc.subjectSykepleieno_NO
dc.subjectStordno_NO
dc.titleOmsorg til palliative kreftpasienterno_NO
dc.typeBachelor thesisno_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel